To veker er gått sidan det vart kjent at banken blir ein del av Sparebank 1.
At det nye namnet blir SpareBank 1 Sogn og Fjordane, er kanskje ikkje så overraskande.
– Eit heilt naturleg val, seier administrerande direktør Trond Teigene om namnevalet i ei pressemelding tysdag ettermiddag.
Måtte ta ein fot i bakken
Teigene fortel at det har vore ein del spørsmål kring namnet både internt og eksternt, etter at banken opplyste om innkjøpet i alliansen.
– Det var naturleg for oss å ta ein fot i bakken på namnet vårt, no når vi først skal skifte logo på alle flatene våre. Vi landa likevel raskt på at vi må behalde «Sogn og Fjordane». Det namnet er oss på alle måtar, og vi er veldig stolte over det, fortel Teigene.
Vil framleis bruke Sogn og Fjordane
Fleire har tatt til tastaturet og sagt si meining om det nye samarbeidet. Mellom dei er Eirik Ulltang Birkeland, som i eit lesarinnlegg skreiv at den lokale identiteten var mykje av årsaka til at han har vore trufast kunde i mange år.
– Sparebanken Sogn og Fjordane har ikkje vore banken som har toppa listene over dei lågaste lånerentene eller dei høgaste sparekontorentene. Det banken har selt seg inn på – iallfall hos meg – er lokal identitet, nynorsk språkføring, sjølvstende frå kjedemanien som rår i det meste av næringslivet, og ein svært god nettbank og mobilbank, skreiv han.
Teigene har tidlegare vore ute og sagt at samarbeidet ikkje skal gå på kostnad av den lokale identiteten deira, og at banken «står sterkare lokalt no enn nokon gong». Det held han fast på, og seier at dette har vore viktige omsyn i valet av nytt namn.
– «Sogn» og «Fjordane» gjev sterke assosiasjonar til området vårt, og det at fjordane er på nynorsk er òg ein god markør på kven vi er og kor vi kjem frå. Vi er heilt sikre på at namnet vil fungere like godt framover som det har gjort til no.
Den nye logoen blir sannsynlegvis i klar i første del av 2024.

Ja, vi vart skuffa då Sparebanken Sogn og Fjordane valde Oslo framfor Vestlandet!

– Vi vel det som er best for Sogn og Fjordane kvar einaste dag, Jan Erik Kjerpeseth
