Og alvor var det.

– Eg kallar det eit kreftmøte, seier Frode Lindborg (49) og vedgår at han hugsar alt før han gjekk inn til møtet, men ikkje så mykje av at han gjekk ut att. Han er glad for at Bente var der og kunne absorbera den brutale beskjeden og informasjonen som følgde med.

– Då eg høyrde ordet kreft, så kopla eg nok litt ut, ja.

Les også

Frode (48) og Bente (48) bygde nytt hus på rekordtid: – Det tok fire månader frå start til slutt

Starta som ein kul

Sogn Avis møter Frode heime i det nybygde huset tett ved fjorden, halvveges ut til Fimreite. Her trivst han veldig godt, men akkurat no er han dritande lei av å gå heime, som han sjølv seier det. Difor gler han seg som ein unge til å koma attende til jobben sin som sjåfør i Slinde Transport.

Me skal attende til november 2020. Frode oppdagar ein kul på tannkjøtet i overkjeven, men uroa seg ikkje nemneverdig over det.

– Eg går vel helst ikkje til verken doktor eller tannlege, og sidan dette var ein kul som kom og gjekk, så brydde eg meg ikkje noko meir om det. Ikkje var det verk heller, seier Frode.

Dei som kjenner han godt kan høyra at talen ikkje er heilt slik som før. Ikkje så rart når det ikkje lenger finst tenner i overkjeven og ganen er laga av hud frå underarmen.

Då kulen på eit tidspunkt ikkje ville forsvinna og det kom smerter, måtte Frode likevel krypa til krossen og oppsøkja tannlege i Sogndal.

– Han kontakta spesialist i Førde og dei bad meg komma dit. Kulen vart operert vekk og sendt inn for sjekk. Ingen ting var gale, og eg var sikker på at problemet var ute av verda. Det var det, liksom.

Kulen kom att

Det var det derimot ikkje. For kulen kom igjen året etter. Denne gongen fekk Frode beskjed om at det var Haukeland som skulle ta seg av operasjonen. Han møtte til dagkirurgi, kulen vart fjerna og prøver testa for om det kunne vera noko vondarta.

Også denne gongen var det positive meldingar å få, men Frode hadde fått ein ørliten mistanke om at noko måtte vera gale. Han var ikkje ukjent med kreft i familien, sidan både mor og onkel hadde døydd av sjukdomen.

– Eg gjorde mitt eige vesle eksperiment då eg kutta ut sprøyta eg tek for psoriasis. I den er det ein bitte liten dose med cellegift, så liten som musepiss i fjorden her. Då kom kulen attende. No meinte legen på Haukeland at dette såg ikkje bra ut. Beinet i overkjeven var også heilt opptært, og dei nye prøvene gav eit anna resultat enn før.

Trudde det var fort gjort

Det var då Frode fekk telefonen med beskjed om å ta med seg kona til det før omtalte møtet på Haukeland.

Me er no i desember 2021. Dei reiser attende til sjukehuset og Frode får diagnosen kreft i overkjeven. Også kalla Pindborg tumor. Så sjeldan at legane på Haukeland meinte dei ikkje hadde hatt eit slikt tilfelle som dette der tidlegare.

– Eg var visst litt unik ja, men det var ikkje akkurat denne raude løparen eg ville gå på, seier Frode og vedgår at namnelikskapen, Pindborg og Lindborg, fekk både han sjølv og fleire til å le.

Humoren er absolutt til stades, sjølv om kreft i overkjeven ikkje akkurat er noko å spøkja med.

– Humøret må ein ha, noko anna er ikkje hjelp i. Me har flirt godt av denne. Eg har trass alt vore svineheldige, dette kunne sikkert ha gått skikkeleg gale. Det er dessutan mange som har det verre enn meg.

Rosar legar og helsevesen

Om ein søkjer i det medisinske landskapet på nettet, er det heller ikkje så enkelt å finna mykje kunnskap om Pindborg tumor. Av det me finn kan me lesa at det er ikkje ofte at det utviklar seg til å bli så omfattande og alvorleg som det Frode har måtte gå gjennom. Difor er det ikkje rart at legane på Haukeland sa han var av den noko sjeldne sorten.

Sjølv om diagnosen var av verste sort, og Frode fekk nøye forklart kva han skulle gjennom av operasjonar, så hadde ikkje i sin villaste fantasi tenkt at dette var noko som skulle vera så omstendeleg og gje han så mange veker på sjukehus.

– Veit du kva som var det aller verste? Det var og ikkje få prata på seks veker. Eg som knapt nok klarer å halda kjeft. Det var det, unnskyld uttrykket, jævligaste av alt.

Legane gav tydeleg uttrykk for at det ikkje var noko veg utanom. Her måtte alt vekk. Både overkjeve og gane. Nyttårsrakettane var knapt kjølna før han måtte leggja seg under kniven.

– Dei forklarte godt i forkant kva dei skulle gjera og kva som var alternative utgangar. Dei fjerna overkjeve og gane og sende inn prøvar, til fire ulike land. Då fann også ein kul til, på andre sida av kjeven. Så valgte dei alternativet med å venta på prøvesvara før dei starta på rekonstruksjonen.

Suppe i kopp

Frode vedgår at han var langt frå like kjepphøg etter operasjonen som då han kom inn på sjukehuset. For sett vekk frå den stadig tilbakevendande kulen, var han i fin form. Han var aldri sjuk, og gjekk på arbeid til siste dag før det lange sjukehusopphaldet.

– Eg trudde nok at dette skulle vera fort gjort, men no har eg gått sjukmeld sidan desember. Seks veker på sjukehus er ei påkjenning, men eg skal ikkje klaga. Haukeland har utruleg dyktige legar og me har eit fantastisk helsevesen.

Han er også takksam for å ha mange fine folk rundt seg, både familie og vener. Fleire var ofte på besøk på sjukehuset og den flittigaste var kona Bente.

– Ho køyrde nokre kilometer i vinter ja, kom inn fredag kveld og var heim igjen seint søndag. Kvar einaste helg.

Under første operasjonen fekk Frode hol i halsen med slange som han skulle pusta gjennom. Det medførte også at han ikkje kunne snakka og all kommunikasjon med omverda føregjekk på fingerspråk, tekstmeldingar, penn og papir.

– Det verste var å vakna etter operasjonen og ikkje kunne seia eit kløyva ord. Maten fekk eg med intravenøst gjennom låret og suppe i kopp. I kjeften var det full opning frå ganen og rett opp i nasen.

Sidan legane valge alternativet med å venta på svar på prøvane før dei tok til på jobben med rekonstruksjon, så vart det lange tause veker for Frode med suppe i kopp.

Fekk komplikasjonar

Det skulle også bli tøffe tider då legane skulle byggja oppatt dei dei hadde tatt vekk. Enkelt sagt henta dei bein og hud frå underarmen som då vart omgjort til ny overkjeve og gane, men i den medisinske og meir detaljerte verda var det langt meir komplisert enn som so.

– Det var ganske omfattande og gjekk ikkje heilt utan komplikasjonar. Noko som medførte at eg måtte gjennom tre narkosar på to dagar. Eg var vel meir mørbanka då enn etter første operasjonen.

Frå underarmen henta dei eit bein på 5,8 cm som no er blitt overkjeve. Frå same område vart det også henta hud for å rekonstruere ganen. Frode er lite begeistra for hårsekken som følgde med på kjøpet.

– Alt håret som eg hadde på armen veks no inne kjeften på meg. Det er ganske ubehageleg, det er som du går med mat i barten heile tida.

– Og det må du leva med?

– Eg var heldig og slapp stråling, men hadde dei stråla ville håra blitt vekke. Faren var at strålinga ville ha øydelagt beinet. Dei har prata om at dei kan gjera noko med det, så det håpar eg. Det var ei stund snakk om at dei også måtte ta vekk overleppa, det slapp eg heldigvis.

Utan tenner

– Kva med tenner? Å gå utan tenner i overkjeven er vel heller ikkje det enklaste?

– Nei, det kan du trygt seia. Eg har to jekslar på kvar side oppe, heilt bak. Så å tyggja er eit problem. Det er ikkje berre å gafla innpå med mat og svelgja unna slik som før. No må all maten skjerast i ørsmå bitar eller mosast.

– Må du leva med det også?

– Om det nye kjevebeinet toler det, kan dei setja inn att nye tenner både bak og framme. Om ikkje vert det berre ei lita rad framme slik at eg har noko å smila med. Det skal dei vurdera i juni. Eg håpar sjølvsagt at eg kan få igjen heile rekka.

Sett vekk frå påkjenningane rett etter operasjonane, definerer Frode seg som i fin form. Difor har det også vorte lange dagar etter at han kom heim frå sjukehuset 12. februar.

– Eg både ser frisk ut og kjenner meg frisk. Det er armen der dei fjerna beinet som er hinderet og som ikkje skal belastast. Den må få gro saman av seg sjølv. No skal eg likevel få prøva meg på litt tilpassa ruter som sjåfør att eit par dagar i veka. Det skal bli heilt fantastisk.

Ikkje på utstilling

Frode veit at lagnaden kunne ha fått ein anna utgang. Sjølv om der finst skavankar både her og der, så er han i dag frisk frå kreften. Den fekk ikkje tid til å spreia seg.

Han ser heller ikkje at noko kunna ha blitt gjort annleis i forkant av diagnosen, sidan prøvene frå dei første operasjonane ikkje synte teikn på at noko var gale. No får han berre ta den tida kroppen treng for å bli god som ny.

– Dei spurde om dei skulle ha på noko slik at arra på armen ikkje skulle bli så synlege. Då svara eg nei, eg skal ikkje på utstilling så det er ikkje nødvendig, seier Frode og ler godt.