Lønnsoppgjeret mellom Handel og Kontor (HK) på arbeidstakarsida og NHO Service og Handel på arbeidsgivarsida omfattar litt over 2.200 HK-medlemmer som er omfatta av tariffavtalen Handelsoverenskomsten.

Dei jobbar mellom anna i Ikea, Oda, Clas Ohlsson, Felleskjøpet og Sparkjøp. Meklingsfristen er sett til midnatt natt til 18. juni. Blir det ikkje semje innan fristen, kan det bli streik frå byrjinga av arbeidstida laurdag 18. juni, skriv HK-nytt.

Streiken vil omfatte 1.800 HK-medlemmer. 1.200 av desse jobbar i Ikea.

Partane forhandla opphavleg i mai, men braut forhandlingane utan at det vart ei semje.

(©NPK)