– Det verkar som folk har skjønt at det er spesielle vêrforhold og at ein må køyra ekstra varsamt, seier Jørgen Bødtker ved Vegtrafikksentralen.

Når Sogn Avis ringjer for å få status på vegane i Sogn etter snøfallet tysdag, har han førebels ikkje fått melding om glatte vegar. Han oppmodar likevel om å vera OBS då det kan ha frose på i løpet av natta.

– I kystnære strøk har det frose på i natt. Det ligg rundt null grader. I dykkar område ser det greitt ut, men det er lurt å vera føre var.

Onsdag er det håp om at snøen som kom tysdag forsvinn att for då kjem det milde vêret og sola attende. Onsdag morgon er det også fri ferdsel over alle fjellovergangar til og frå Sogn, så for dei som vil til fjells på ski er det gode sjansar for det.