Det er venta sterke vindkast i ettermiddag. Kan bli trafikkproblem

FAREVARSEL: Det er venta sterke vindkast i Vestland fylke utover ettermiddagen denne måndagen.

FAREVARSEL: Det er venta sterke vindkast i Vestland fylke utover ettermiddagen denne måndagen. Foto:

Det er sendt ut gult farevarsel om kraftige vindkast på 27–35 m/s. I mellomtida kan me gleda oss til onsdag.

DEL

(Firda:) – Vinden kan gi nokre utfordringar i trafikken, som stengde bruer og problem med transport, seier meteorolog Magnus Haukeland på Meteorologisk institutt.

Det er i timane fram mot kvelden at den kraftige vinden vil gjera seg gjeldande. På det verste kan vindkasta koma opp i 35 m/s, som blir definert som orkan.

Verst i Sogn

Meteorologisk institutt har gått ut med gult farevarsel for Vestland fylke, der dei åtvarar om vindkasta og anbefalar å sikra lause gjenstandar og å unngå unødvendig ferdsle på utsette stader.

Haukeland seier det blir verst rundt Sognefjorden, men at ein vil merka vinden i Sunnfjord-traktene også.

– I tillegg blir det bra med vind i fjellet, opp til liten storm, pluss at byene kjem med snø i fjellet. Så det blir ganske vanskelege køyreforhold.

Tørt får me det heller ikkje. Det skulle tatt seg ut. I tidsrommet frå klokka 00.00 natt til måndag og 24 timar fram er det venta opp mot 60 millimeter nedbør.

– Det kan vera hagl i enkelte byer, men det blir regn i låglandet. Snøgrensa er på 400–600 meter, men vil vera lågare lengst inn i landet, seier meteorologen.

Vêret vil roa seg på tysdag, men vind på stiv kuling-nivå og byevêr er venta.

Sjeldant vêrfenomen kan sjåast i Sunnfjord i dag

Jippi-onsdag

Så kjem onsdagen som eit lyspunkt å gleda seg til. Det blir litt nedbør tidleg på onsdagen, men det vil dabba av på føremiddagen. Vinden vil også roa seg.

Sjå her:

– De kan nok til og med få gløtt av sol, seier meteorolog Haukeland.

Ta det inn.

På yr.no er det estimert null millimeter regn frå klokka 12.00 og utover onsdagen. Det vesle sol bak sky-ikonet, som me har lært å setja stor pris på, er å sjå både i tidsromma 06.00-12.00 og 12.00-18.00.

Smak litt på det.

Etter onsdagen kjem nytt lågtrykk på besøk, slik dei jo gjer, som betyr vind og nedbør. Meteorologen seier lågtrykkvêret kjem til å halda fram til og gjennom helga, men at helga blir noko kjøligare enn dei 4–5 plussgradene me opplever no.

Slik er det i trafikken:

Uvêr i fjellet: Dette er status på fjellovergangane

Sterk vind skaper problem for trafikken

Artikkeltags