I Fjærlandstunnelen på riksveg 5 er det vegarbeid onsdag. Det er ventetid på inntil 30 minutt. Det blir køyrt kolonne frå Skei-sida kvar heile og halve time og frå Fjærland-sida kvart på og kvart over.

I Sogndalsdalen på same strekning er det vegarbeid ved Dalavatnet mellom klokka 07.00 og 22.00. Det kan bli ventetid på inntil eit kvarter.

Vegarbeidet i Bondeviki på riksveg 13 held fram. Her kan det bli ventetid på inntil 15 minutt mellom klokka 07.00 og 19.00. Lysregulering heile døgnet.

På andre sida av Sogndalsfjorden kan fv. 5616 til Fimreite bli stengd i ein halvtime mellom klokka 08.00 og 17.00.

På fylkesveg 5640 på Indre Hafslo er det manuell dirigering mellom klokka 08.00 og 19.00. Vegen kan bli stengd i ein halvtime.

I Årdal kan Seimsdalstunnelen bli stengd i korte periodar på grunn av arbeidet der.

Det er nattarbeid i på fylkesveg 53 mellom Bermålsviki og Naustbukti. Det blir manuell dirigering på strekningen.

På riksveg fem gjennom Fodnestunnelen er det manuell dirigering mellom klokka 08.00 og 16.00.

Mellom rundkøyringen på riksveg 5 på Håbakken og nedre Erismarki i Lærdal er det vegarbeid mellom 07.00 og 19.00.

På E16 mellom Borgund og Seltun er det kolonnebil. Kolonne frå vest kvar og halve klokketime. Kolonne frå øst kvart over og kvart på kvar hele klokketime.

På fylkesvegen mellom Aurland og Skjerdal er det vegarbeid. Den kan bli stengd i to timar mellom 08.00 og 17.00.

Det er opningar klokka 10, 12, 14 og 16.

På fylkesveg 50 ved Steinslandet kan vegen bli stengd i ein halvtime på grunn av vegarbeid mellom klokka 08.00 og 17.00.