Det er tunnelane Dalevåg, Dalseid, Trollkone, Hyving- og Hernestunnelen som skal oppgraderast. Dei ligg på strekninga mellom Stanghelle og Voss på E16. Det betyr kolonnekøyring og stenging på kvelds- og nattetid.

– Det kjem til å ta meir tid å koma seg mellom Bergen og Voss på kveld og natt dei tre neste åra. Det vil bli tretimars stengingar på natt, så sjåførar må planleggja reisene sine ut ifrå det. Dette gir tydelege ulemper for både tungtrafikk og vanlege bilistar, men det er nødvendig med stengingar for å få tunnelane opp til dagens krav, seier byggjeleiar Kristian Dahle Sylta i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Allereie i gang

Tunnelarbeidet startar 1. august, og det vil føregå på nattetid mellom kl. 20.00 og 05.30. Arbeidet vil føregå måndag – fredag, men med periodevis aktivitet i helgar.

Fram til kl. 22.00 blir det kontinuerleg kolonnekøyring, og mellom 22.00 og 05.30 blir det stengt – med unntak av eitt gjennomslepp frå begge sider kl. 01.00. På dagar når det er venta stor utfart, kan arbeidet fram til kl. 22.00 bli kutta.

Tryggare

Arbeidet blir gradvis trappa opp, og mot slutten av august startar entreprenøren med sprenging av nisjar inne i Dalevågtunnelen.

– Det er eit ganske stort anleggsområde, som strekkjer seg rundt 25 km. Grunna rasfare i dagstrekka mellom Dalseid- og Hernestunnelen, kan me ikkje stilla opp kolonnekøane der. Difor blir det ei lengre strekning som er stengd når det er arbeid i dei tunnelane, seier Sylta.

Må koordinerast

For å unngå unødig heft for trafikantane, prøver dei så godt som mogleg å koordinera med anna arbeid på E16.

To tunnelar er kome langt i si oppgradering ved Arna (Bjørkhaug- og Sætretunnelen), og i Lærdalsdalen går det føre seg arbeid i to tunnelar (Borgund og Seltatunnelen) opp mot Borlaug-krysset. I tillegg er det asfaltering om nettene på E16 i Voss kommune ut august, og ved Dalseidtunnelen går det føre seg fjellsikring.

Samstundes skal også BKK leggje ned ny høgspenttrasé mellom Arna og Dale, for det komande fellesprosjektet med Bane Nor som skal gje ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle.

Ikkje køyr Hamlagrø

Statens vegvesen rår frå på det sterkaste at lokale kommunale- og fylkeskommunale vegar, slik som over Hamlagrø, blir brukt til omkøyring.

– Det kan føra til full stopp og trafikkaos for dei som ikkje er kjende. Her er det smale vegar med somme stader dårleg asfaltdekke. Trafikantane bør planleggja reisene sine etter stengjetidene på E16, og tilpassa seg på den måten, oppmodar byggjeleiar Kristian Dahle Sylta.