Gå til sidens hovedinnhold

Desse vil leggja 19 tusen tonn asfalt

Tre entreprenørar har meldt interesse.

Statens vegvesen lyste tidlegare i år ut oppdraget som går ut på å leggja 19 161 tonn og fresa 186 087 kvadratmeter asfalt i Sogn og Fjordane.

Billigaste tilbodssum på 20,5 millionar leverte Veidekke Industri, medan NCC Industry vil gjera jobben for 21,8 og Peab Asfalt for 22,8 millionar. Det skriv veier24.no.

Kontrakten gjeld i første rekkje E39 og riksveg 5, men det vil òg koma noko nytt dekke på både riksveg 13 og 15, i tillegg til ei lita strekning på E16.

Kontrakten skal evaluerast og kontrollreknast før han blir tildelt. Dette vil skje på bakgrunn av både pris og utslepp av CO₂-ekvivalentar.

Kommentarer til denne saken