Gå til sidens hovedinnhold

Desse vegane opnar att

Ekstremvêret er på hell, og ein kan ferdast fritt på fleire vegar att.

NVE melder at ekstremvêret Gyda er over. Det er no kjølegare og rolegare vêr i Vestland. NVE følgjer situasjonen tett gjennom helga, då det framleis er mykje vatn i vassdraga, men vatnet har slutta å stiga.

Fleire fylkesvegar i Sogn har vore stengt grunna fare for ras. Desse vegane er no opne att:

Fv 5641 Veitastrond

Fv 5602 Feios - Fresvik

Fv 5606 Menes

Fv 5600 Vik - Arnafjord

Fv 5616 Eide - Fimreite er framleis stengt, ny vurdering klokka 12:00.

Fv 50 Aurland - Hol har tidlegare vore stengt, no er det innført kolonnekøyring.

Når det gjeld Rv 13 Vikafjellet og Fv 53 Årdal - Tyin vil det bli gjort ny vurdering klokka 12:00.

Kommentarer til denne saken