WEBCAM: Frå Sognefjellshytta klokka 06.17 i dag, måndag.

Desse vegane er no opne

- Det har vore ei stille natt, opplyser politiet.

Publisert 16.09.2019 kl. 06.43. Oppdatert kl. 07.33.

I Indre Sogn er fv 601 på sterkninga mellom Langhuso og Undredal open att.

Det same gjeld fv 331 mellom Urnes og Skjolden, som opna i går kveld og fv 50 Aurland-Hol.

Fv 55 over Sognefjellet opna att klokka 11.55, etter å ha vore stengd grunna uvêr. Fjellovergangen bli nattestengd mellom klokka 20.00 og 08.00.

Fv 92 Arnafjord-Framfjorden og Framfjorden-Vikøyri var venta opna klokka 10, her vart det opna alt klokka 9. Det vil bli redusert framkommelegheit grunnet opprydningsarbeid, melder Vegtrafikksentralen.

Fv 243 melom Nyheim og Lærdal (Aurlandsfjellet) er framleis stengd, her blir det ny vurdering så snart det lysnar, opplyser vegtrafikksentralen.

Fv 13 over Gaularfjellet er framleis stengd grunna ras, men er venta opna kloka 10, oppyste Statens vegvesen måndag morgon. Litt etter klokka 11 vert det opplyst at vegen opnar klokka 12.

Det har elles vore ei stille natt i heile Vest politidistrikt, opplyser opersjonsleiar Stig Rune Øyjordsbakken Helleraker.

I Stryn er 25 personar evakuert etter at elva i Oldedalen flaumde over i går kveld.

- Desse er innkvartert på hotell eller hjå venner og familie, opplyser politiet, som også seier at ein geolog må vurdera situasjonen før dei kan få flytta heim.

Mannskapar frå Sivilforsvaret og Statens Vegvesen er framleis på staden. Mannskap frå Røde kors, brannvesen og helsepersonell er i beredskap ved behov, vert det sagt.

- Det har vore ei travel helg for Sivilforsvaret, opplyser distriktssjef Stein Morten Rønningen i ei pressemelding.

- Mannskap frå våre avdelingar i Førde og Sogndal var ute i innsats i Jølster i går, for å støtta politi og vegvesen med trafikkregulering og sikring. I samband med flaumen i Olden er oppdraget å stilla med mannskap, varmetelt og belysning. Der deltek Sivilforsvaret si avdeling i Eid/Vågsøy, heiter det.

Statens vegvesen melder om snø og sludd på fleire av fjellovergangane no i morgontimane.

Ved Slettevatnet på Hemsedalsfjellet er bilberging på veg for å hjelpa eit vogntog som sperrar vegen klokka 06.32.


Siste saker Gå til framsida