Etter ein god sommarferie er det klart for lokalfotball på banene rundt om i gamlefylket att.

Den blir sparka i gong med eit realt lokaloppgjer laurdag, når Årdal FK møter Vik heime på Jotun stadion.

I samband med oppstarten har me bestemt oss for å senda denne kampen her på våre nettsider og Direktesport, med avspark klokka 14.00.

Radl om badl i bua

Som seg hør og bør er det òg kommentatorar på kampen, i form av Radl om badl-podkasten sin duo Endre Romøren og Morten Sortland.

Dette er ein kamp der Årdal kjem til avspark som massive favorittar. Laget til Morten Brandsdal og Ole Gunnar Hunderi tok 31 av 33 poeng i vårsesongen, og er med si luke på sju poeng til Sogndal 2 og Fjøra på god veg mot opprykk.

For Vik gjekk det tyngre, der berre to sigrar på åtte kampar resulterte i totalt åtte poeng og tredje sisteplass på tabellen etter halvspelt sesong.

Kort reise

Elles skal Fjøra på årets kortaste bortekamp laurdag når dei reiser 500 meter frå Campus til Kvåle for å spela mot Studentspretten, medan Høyang skal i aksjon borte mot Stryn.

Sogndal 2 spelar heime fredag kveld, mot Måløy.