Det opplyser klubben i ei pressemelding.

– Det har vore eit tøft år for klubben vår med eit inntektsbortfall på kring 30 prosent, difor er me særs glad for at vår generalsponsor innvilgar denne søknaden, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Rasmus Mo i pressemeldinga.

– Desse midlane er med på å minska tapet vårt monaleg.

Jobbar steinhardt

– Me jobbar steinhardt kvar einaste dag for å landa dette året. Me har levert eit fantastisk år på fotballbana, med eit ungt mannskap som verkeleg har sett fotavtrykk i årets OBOS-liga. Eirik Bakke er nominert til årets trenar, Sivert Mannsverk til årets spelar og Daniel Eid til årets gjennombrot. I tillegg har me satsa stort på utviklingsavdelinga vår. Det er også teke initiativ til å spela på lag med Kaupanger for å leggja til rette for ei auka damesatsing. So me har ikkje lege på latsida, sjølv om utfordringane har vore mange. No er me inne i ein spennande serieavslutning, der utfallet per dags dato er uvisst, seier Rasmus Mo.