Dei fire er ESNA, LMG Marin, SES-X og Transportutvikling. Leverandørane satsar på batterielektriske hurtigbåtar med ulike skrogdesign: enkeltskrog, katamaran og trimaran.
Både foilteknologi og SES (luftpute) er representert. Alle har same mål om å redusera energiforbruket til hurtigbåtar, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.
– Me er svært glade for å sjå dei gode resultata me får levert gjennom prosjektet. Fylkeskommunane samarbeider godt og legg til rette for at norsk maritim næring kan ta ei verdsleiande rolle innan grøn hurtigbåtdesign- og bygging.
Det seier fylkesordførarane og fylkesrådsleiarane i ein felles uttale.
Modelltesting i tank
Seks ulike leverandørar har sidan i fjor haust jobba med forslag til løysingar for dei nye hurtigbåtane.
Rapportane om dette vart levert 25. mars i samband med avslutning av første fase av konkurransen. Etter grundig evaluering er fire leverandørar valde ut til å gå vidare.
I neste fase av konkurransen skal leverandørane stadfesta design, mellom anna gjennom analysar og modelltesting i tank. Fristen for dette er i slutten av november.
Designdelen av hurtigbåtprosjektet blir avslutta i mai neste år. Målet er å ha utvikla elektriske nullutsleppshurtigbåtar med minimum 30 prosent lågere energiforbruk enn noverande hurtigbåtar.
Må ha støtte frå statleg hald
Ambisjonen er å bruka dei innovative design- og teknologiløysingane som ein mal i framtidige hurtigbåtkjøp, der inntil tre fartøy skal bli bygd og testa.
– Me ser at det er eit stort teknologisk sprang før me har dei nye hurtigbåtane på plass i den fylkeskommunale transporten langs kysten vår. Det vil krevja ytterlegare støtte frå statleg hald å få bygt båtane. Samstundes er dette prosjektet eit «kinderegg», der me får næringsutvikling, klimagevinstar og betre transport, heiter det i pressemeldinga.