WHITE MAN DANCING: Bandet frå Sogndal skal spela på Blestfestivalen i januar. (Foto: Jostein Vedvik)

Desse er klare til Blest

Med spanande artistar frå Sogn, Nordfjord og Sunnfjord, eigen konsert for born, nasjonale artistar og prisutdeling håpar arrangørane å gjera Blest til ein musikkfest for alle.

Publisert 06.11.2019 kl. 17.14. Oppdatert kl. 19.42.

- Dette er festivalen der du kanskje ikkje kjenner alle namna på dei som står på scena, men blir overraska over at det finst så mange bra artistar frå Sogn og Fjordane, seier festivalsjef Svein Inge Bjørkedal.

LØFTAR FRAM LOKALE ARTISTAR; Frå venstre: Festivalsjef Svein Inge Bjørkedal, Linda Vøllestad Vestbye, Sparebanken Sogn og Fjordane sin regiondirektør for privatmarknad og Tore Dvergsdal, Sparebanken Vest sin regiondirektør for privatmarknad. (Pressefoto)

40 påmelde band

For å få speletid på Blest må ein søkja og bli plukka ut av ein eigen jury. Festivalsjef Bjørkedal er imponert av at over 40 band har søkt om å få speletid. Han seier det har vore ein vanskeleg jobb å plukke ut dei som skal få sjansen til å visa seg fram på festivalen.


- Me har lyst til å laga ein festival der folk reiser frå nær og fjern il Førde for å høyra ny og spanande musikk frå heile fylket. Dette er artistar som me meiner kan verta dei neste store stjernene frå regionen, seier Bjørkedal.


Så langt er Maren, SisselMarie, Gold Celeste, White Man Dancing og MayRahKee plukka ut til å få spela på Blestfestivalen.


Datarock og Luttprisen

I tillegg til mange lokale artistar, skal også nokre nasjonale artistar på scena under Blest. Datarock kjem til festivalen fredag 17.01.


- Dette gjer me for å gje publikum endå ein grunn til å besøka festivalen, og for at me trur det kan vera inspirerande for nye musikarar å spela på same festival og scene som nasjonale artistar som alt har lukkast, seier Bjørkedal.


Laurdagen under festivalen er det klart for Luttprisen som i år skal dela ut prisen til årets artist, årets talent og ein ny bransjepris - Årets Blest. Vinnarane får stipend frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest.


Samarbeidar om å løfta fram lokale artistar

I år har festivalen fått stor støtte og gåvemidlar frå Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest og Sunnfjord Næringsutvikling.


- Fylket har dei siste åra fått fram mange dyktige artistar og fleire kjem, så dette arrangementet er noko me saman vil løfta fram, seier Tore Dvergsdal, Sparebanken Vest sin regiondirektør for privatmarknad.


Han får støtte av Linda Vøllestad Vestbye, Sparebanken Sogn og Fjordane sin regiondirektør for privatmarknad.


- Det at me i fellesskap kan bidra til at alle kan få ta del i ulike opplevingar og visa fram musikklivet i fylket er svært positivt og gjev oss identitet, seier ho.


- Dette gjev oss ein unik sjanse til å veksa og laga ein større og spennande musikkfestival for publikum. Me håpar den kan bli viktig både for musikklivet i regionen og ikkje minst for publikum, seier festivalsjef Bjørkedal.


Knøtteblest - musikkfest for born

Festivalen satsar også på dei små med ein eigen del av festivalen som vert kalla Knøtteblest. Der vert det konsert med bandet Du og eg og vi to 2 - 3 - 4 og aktivitetar for dei yngste på Sogn og Fjordane kunstmuseum midt i Førde.


- Me har fått til eit spanande samarbeid med museet, og planlegg å byggja om ein av kunstsalane til konsert denne laurdagen i januar, seier Bjørkedal.


Han meiner det er for lite konsertar retta mot familiane.


- Museet gler seg veldig til å vere vertskap for både musikarane i «Du og eg og vi 2 - 3 - 4» og knøttene! Det blir kjekt å få inn dei yngste på museet, og i samanheng med Knøtteblest planlegg vi ein kul kunstworkshop for borna, seier Hanne Storm Ofteland ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.


Les meir om: Kultur Musikk