↓ Dette er en kommersiell tjeneste fra Amedia Marked
 

Blanderiet AS

Hjemmeside Telefon Adresser

På nettet

Send epost

Telefon

926 62 317

Besøksadresse

Røneidsgranden
6868 GAUPNE
  1. Beskrivelse

BLANDERIET AS
Støyping av såle og golv
Det er enkelt å støype sitt eige golv, særleg med ferdigarmert betong. Det sparar pengar og tid fordi armeringa er ein del av betongen, og du slepp å armere med jern og nett.

Kor mykje betong skal eg bestille?
Berekn voluminnhaldet av forskalinga (lengd x breidd x høgd) og legg på ca 5 prosent i tryggleiksmargin. Skal du t.d. støype eit golv som er 6 meter langt, 5 meter breitt og 12 cm tjukt vert dette 6m x 5m x 0,12m = 3,6 m3 + ca 5% (ca 0,18 m3) = 3,8 m3. Tryggleiksmarginen du bør bruke varierar etter forholda, det kan hende det er litt ujamnt planert, isolasjonen kan bli klemt litt ned i ujamnt underlag, eller at du ikkje får drege av betongoverflata heilt i kant med forskalinga rundt. Om du i dømet ovanfor støyper 1 cm tjukkare enn planlagt utgjer dette 300 liter (0,3m3).

Minsteleveransen frå BLANDERIET A/S er 500 liter (0,5 m3).

Støyping av vegg
Betongveggar er brannsikre, dei isolerer godt, dei dempar lyd og er enkle å vedlikeholde. Støyping av vegg er ikkje så vanskeleg som du kanskje trur, særleg ikkje med SKB sjølvkomprimerande betong. Då slepp du vibrering og oppnår betre kvalitet.

Kor mykje betong skal eg bestille?
Berekn voluminnhaldet av forskalinga (leingd × breidd × høgd) og legg på ca 5 prosent i tryggleiksmargin. Om du t.d. skal støype ein vegg som er 8 meter lang, 20 cm brei og 2 meter høg blir dette 8m x 0,2m x 2m = 3,2 m3 + ca 5% (ca 0,16 m3) = 3,4 m3. Tryggleiksmarginen du bør bruke varierar etter forholda. Hugs at hvis forskalinga gir seg 1 cm i breidda utgjer det i dette dømet 160 liter betong. I tillegg kan det hende at du sølar litt. Minsteleveransen frå BLANDERIET A/S er 500 liter (0,5 m3).

Betongpumpe
Me disponerar vanleg betongpumpe. Betongpumpa har ein 3-delt arm med total rekkjevidde opp til 24 meter. I tillegg kan det skøytast på med røyr og/eller slangar som kan leggast på bakken.Totalt kan rekkjevidda på denne måten aukast med 40-50 meter. Ved bestilling må det opplysast om eventuell bruk av ekstra rør/slanger.