↓ Dette er en kommersiell tjeneste fra Amedia Marked
 
Hjemmeside Telefon Adresser

På nettet

Send epost

Telefon

57 67 20 77

Besøksadresse

Fjørevegen 12
6856 SOGNDAL
  1. Beskrivelse

Velkommen til ein flott salong i Sogndal sentrum! Samtlege av vore 5 frisørar er faglærde, engasjerte, nyteinkande og er på årlege samlingar for oppdatering og ny innspirasjon.

 

Me utfører alle type skjønnheitsbehandlingar, være seg ein lugg so skal stussast eller ei brud som skal pyntast.

For brudefølje har me eit sjarmerande, flott og intimt rom som sikrar ei god oppleving under pyntinga.

 

I salongen har me for salg ein heil del kvalitetsprodukt. Gjennom ei årrekke har vi testa, brukt og gjort oss erfaringar kring det meste som kjem i vår retning. Vi kjenner oss difor trygge på at vi no har eit produkttilbod som eignar våre kundar best, både i høve pris og kvalitet.

 

Familien er ein sjarmerande og behageleg frisørsalong i nedre del av Sogndal sentrum.

 3 frisørsøstre starta saman i 2010. Eit naturleg namn vart skapt rundt nettopp det å vera i familie. Sidan den gong har èi syster valgt ein ny veg, men namnet består. I dag dyrkar salgonen namnet i form av å skapa ein roleg, triveleg og varm atmosfære i lokalet, men også ein salong som passar for heile familien.

 

Rykte skal ha det til at vår innvestering kring Miele si kaffi-løysing enda i den beste kaffikoppen som er å oppdrive, sjølvsagt servert til dei som ynskjer.

Trass i at vi freistar å skapa eit roleg miljø har vi effektive, oppdaterte og nyskapande frisørar for deg som tingar alt frå ein kjapp stuss til deg som skal ha med heile brudefyljet til styling.

 

Våre frisørar er jamleg på treff og kurs for å halda seg oppdatert på nye trendar, teknikkar og for å setta seg inn i nye produkt og utstyr.

 

Vi ynskjer deg velkommen til ein triveleg behandling hjå oss.