↓ Dette er en kommersiell tjeneste fra Amedia Marked
 
Hjemmeside Telefon Adresser

På nettet

Send epost

Telefon

959 29 194

Besøksadresse

Brattegjerde 21
6887 LÆRDAL
  1. Beskrivelse

Einemo AS er eit familiefirma som vart starta i 1938. Det vart starta som einmannsforetak, men vart gjort om til A/S i 1990, og har i dag tilsette med allsidig erfaring innan VA/anlegg, muring, plastring og transport. Me er eit allsidig entreprenørfirma med base i Lærdal i Sogn, og tek på oss oppdrag i heile landet.

Firmaet er knytt til Norkvalitet sitt HMS system. Selskapet har sentralgodkjenning, tiltaksklasse 2, i tillegg til 10 erfarne tilsette.

Einemo AS disponera ein veghøvel med totalstasjon.

Natursteinsmuring

Me har spesialisert oss på muring med naturstein. Einemo AS murer store og små murar, forblender vegger, murar trapper, legg heller osv. Me utfører òg restaurering av gamle steinmurar.

Ein natursteinsmur set eit fantastisk vakkert preg på hagen, samstundes som det er svært solid, haldbar og heilt vedlikehaldsfritt.

Einemo AS har lang erfaring med natursteinsmuring, og me er stolte av dei murane me set opp.

Natursteinsmurer er ein del dyrare å sette opp enn vanlege stablemurar, men dei er også svært dekorative. Dersom du ynskjer ein mur med det lille ekstra er dette det rette valet for deg.

Graving

Einemo AS tilbyr gravetenestar, derunder planering av tomter og drenering av hagar og grunn. Me har ein moderne maskinpark som hjelper oss å utføre alle oppdrag på ein profesjonell og effektiv måte.

Drenering

Einemo AS utfører graving av dreneringsgrøfter, og arbeider sjølvsagt med nøyaktighet for å forhindre skadar på bygningar eller uteareal. Drenering av grunnen rundt ein bustads grunnmur er viktig for å førebygge fuktskader i grunnmuren.

Planering

Me utfører planering av tomter og grunnarbeid. Her nytter me oss av lang erfaring og brei kompetanse for å utføre arbeidet så nøyaktig som i det heile mogleg, og for å sikre eit optimalt resultat.

Vann/Kloakk

Einemo AS gravar grøftar for legging av vann og avløyp. Me installerar også septiktankar. Ein septiktank er ein «oppsamlingstank» som samlar kloakk frå din hytte eller bustad.

På hytter eller bustadar utanfor tettbygde strøk, er det vanleg å nytte seg av septiktankar. Einemo AS fraktar, grev ned og koplar til septiktankar.

Massetransport

Einemo AS utførar både sal og transport av fyllmasser som pukk, sand, grus, singel, stein og jord. Me kan tilby konkurransedyktige prisar og rask leveranse ved bestilling. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål angåande priser på fyllmasse eller utkjøring.    

Vegbygging og asfaltering

Einemo AS utfører asfaltering av større kommunale vegar og parkeringsplassar. Når det gjeld asfaltering, legg me stor vekt på riktig verktøy og riktig kompetanse, for å sikre eit best mogleg vegdekke. Einemo AS har vært engasjert i bygginga av ein Europavei det siste året, og me tar på oss bygging av store vegprosjekt.

Brøytetenestar

Ved både store og små snøfall stiller me på kort varsel, og sørgjer for at vegbanen blir brøyta og salta. Det er viktig at vegen blir behandla fort, før det oppstår ulykker. Me har lang erfaring innan snørydding, og arbeidar effektivt og presist. Ta gjerne kontakt dersom du ynskjer å opprette faste avtalar for snørydding.

I tillegg til snørydding utfører me også ishøvling med vår veghøvel. Me har fast brøytekontrakt på Europaveg 16 over Filefjell Lærdal Tyinkrysset (Kontrakt med Oppedal og Sønner).

Rivning

Me utfører rivningsoppdrag innan rivning av mindre bygningar. Det kan eksempelvis vere rivning av einebustadar, tomannsbustadar, garasjar, mindre lagerbygg og fritidsbustadar. Alle rivningsprosjekter utførast med forsiktighet, og med sikkerhet først. Einemo AS har lang erfaring innan rivning, og for dette bruker me gravemaskin påmontert klo.

Dersom du er eigar av ein gammal og rivningsklar bygning, ta kontakt med oss for prisoverslag. Som regel vil det vere meir gunstig å rive ein slik bygning for å bygge nytt, i forhold til det å totalrehabilitere bygningen.

Trafikkdirigering

Einemo AS leier ut fagpersonell til ulike vegprosjekter. Ta kontakt for meir informasjon og prisar

Maskintransport

Einemo AS utfører tungtransport, og disponerer maskinhenger for flytting av maskinar.

Ta kontakt for ein uforpliktande befaring i dag.

Godkjenninger og sertifiseringer