↓ Dette er en kommersiell tjeneste fra Amedia Marked
 
Hjemmeside Telefon Adresser

På nettet

Send epost

Telefon

57 69 57 55

Besøksadresse

Seljadalsvegen 514
6893 VIK I SOGN
  1. Beskrivelse

Sorg..

 

Når du mistar ein som står deg nær: Dei fleste vil oppleve ein dag å være næraste pårørande ved eit dødsfall.

Kanskje det kjem plutseleg og uventa ? Forventa eller uventa, det er ein ny situasjon som er tung og vanskeleg å klara.

Sorg er ein naturleg reaksjon på tap av ein som står deg nær.

 

I dei seinare åra er me blitt meir og meir klar over kor viktig det er at dei etterlatne vågar å akseptere si sorg og ikkje flykta frå den. Sorga er ikkje lik hjå alle. Den varierar i styrke og opplevast ulikt.

Den som sørger sin personlighet og forhold til den avdøde er berre to av faktorene som avgjer korleis sorga kjem til uttrykk.

 

Fordi sorg opplevast og vert uttrykt ulikt, er det viktig å ha respekt for kvart enkelt menneske sin sorgreaksjon, både din egen og andres. Ta borna med, og la dei stilla spørsmål.

Dersom sorga vert  vanskeleg, er det  mogleg å få hjelp.

Ein vil alltid finne folk ein kan snakka med og i enkelte områder finst det sorggrupper og ulike tilbod.

 

 

Hjelp ved dødsfall

Å planlegge ei gravferd er ei tung oppgåve midt i sorga. Ein må ta ein del avgjerder, som kan bli viktige for ettertida.

Når en av dine nærmeste døyr og du ringer begravelsesbyrået, treng vi avdødes navn og kvar dødsfallet har funne stad.

Kva som skjer vidare avhenger kvar dødsfallet har skjedd.

 

Vakt Telefon 918 85 770 - Hele døgnet

 

Transport og henting

Dødsfall på institusjon som sjukeheim eller sjukehus:

Ved dødsfall på eit sjukehus flyttast avdøde først til kjølerom. Dei fleste sjukehus har eige kapell i tilknytning til kjølerommet.

Her er det anleiing til å sjå den avdøde. Vi sørger for vidare transport på eit seinere tidspunkt.

Ved dødsfall på institusjon eller sjukehjem med eige kjølerom, sørger personalet for at avdøde blir flytta hit.

I så fall kan avdøde hentast seinere.

Nokon institusjonar har ikkje eige kjølerom og avdøde må derfor hentast på rommet. I samråd med pårørande og personalet på avdelinga vil vi bistå med henting til avtalt tid. Den avdøde blir så flytta til næraste sjukehus eller mottakskapell. Mange institusjonar ynskjer at hentinga skal skje i kiste, og du vil derfor måtte ta eit valg på kva slags kiste dykk vil benytte.

Sjå kister eller ta kontakt med oss.

Forskrift om dekning av utgifter til båretransport i Norge

 

 

Dødsfall i heimen eller utanfor institusjon:

Tilkall næraste legevakt. Legen vil fylle ut dødsattesten, gi praktisk informasjon om kva som skjer vidare og be deg ta kontakt med eit begravelsesbyrå.

Dødsattesten må være utfylt før avdøde kan flyttast.

Avdøde blir vanlegvis transportert til kjølerom på næraste sjukehus eller mottakskapell.  

Nummedal Gravferdsbyrå har ein døgnåpen vakttjeneste og kan bistå med dette.

I dei fleste tilfeller hentar vi på båre, og transporterar avdøde til ein eigna oppbevaringsstad.

Nokon ynskjer at avdøde  blir henta med ein gang, mens andre ynskjer meir tid til avskjeden.

OBS!.. Dersom det er mistanke om unaturleg dødsfall eller at ein døyr uventa åleine, har legen ansvar for å kontakta politi som vurderer situasjonen. Pårørande kontakta etterpå begravelsesbyrået.

Forskrift om dekning av utgifter til båretransport i Noreg

 

 

 

Dødsfall i utlandet:

Når dødsfall har skjedd i utlandet må pårørande ta kontakt med begravelsesbyrået og avdødes forsikringsselskap.

Til forsikringsselskapet må ein oppgi navn på det begravelsesbyrået ein vel, samt telefon og e-post adresse.

Kostnadar ved heimtransport dekkast av avdødes reiseforsikring. Dersom avdøde ikkje hadde teikna reiseforsikring må pårørande sjølv ta kostnaden med heimtransport. Ta kontakt med oss for nærmare informasjon.

Skattetaten: Når norsk statsborder døyr i utlandet.

Forskrift om gravferdsstønad og stønad til båretransport for person som er pliktig medlem etter § 2-5 i lov om folketrygd og som døyr    utanfor Noreg og om stønad til båretransport når eit medlem døyr i eit av dei nordiske landa

 

 

Avdødes verdigjenstander og klede:

Hvis dødsfallet skjer i heimen, blir verdisaker tekne av og lagt att der. Kleda avdøde har på seg følger vanlegvis båra. Dette avtalast saman med pårørende. Det er og mulig å sende med klede som avdøde skal ha på, i kista.

På institusjonar som sjukehus og sjukehjem blir verdisaker tekne av og lagt i institusjonens safe. Desse kan hentast ut av nærmaste pårørende mot framvisning av skifteattest.

Skjer dødsfallet ute, er politiet ofte tilstades, og verdisaker blir då sendt med båra.