Denne veka opnar trafikkopplæringa og oppkøyring i tunge køyretøy

Kravet til fysisk avstand er endra til minst ein meter. Det betyr at storbilopplæringa no kan ta til att.

DEL

Statens vegvesen opnar for bestilling av oppkøyring av dei tyngste klassane. Men ikkje før torsdag 7. mai, seier avdelingsdirektør Henning Harsem i ei pressemelding.

– Frå trafikkskulane kjem i gang, vil det ta noko tid før dei første kandidatane er klare for oppkøyring, seier Harsem.

Kandidatar som ynskjer oppkøyring, må ta kontakt med sin trafikkskule, for det er berre trafikkskulane som kan bestilla oppkøyring. Oppkøyringstimane blir tilgjengelege i Statens vegvesens bestillingsløysning frå torsdag 7. mai.

Ikkje personbil enno

Så lenge helsestyresmaktene sine avstandskrav er minst ein meter, er det ikkje aktuelt å starta trafikkopplæring eller oppkøyring i personbil nå.

– Me har stor forståing for at dette er ein krevjande situasjon for trafikkskulane, og for dei som gjerne skulle tatt førarkort klasse B, seier Harsem.

Det er helsestyresmaktene som avgjer når trafikkskulane kan starta opp igjen trafikkopplæringa for førarkort klasse B.

Mykje å ta att

– Me har sidan koronautbrotet i mars kansellert om lag 15 000 oppkøyringar, og me veit ikkje når me kan koma i gang att med oppkøyringar i klasse B. Me oppmodar alle som skal ta førarkort om å bruka tida til øvingskøyring, seier Harsem.

Artikkeltags