Denne veka opnar fleire lensmannskontor igjen

OPNAR: Denne veka opnar fleire lensmannskontor igjen. Her i Sogn er det berre Sogndal som opnar.

OPNAR: Denne veka opnar fleire lensmannskontor igjen. Her i Sogn er det berre Sogndal som opnar. Foto:

Regjeringa har bestemt at denne veka skal politiet delvis opna opp for publikumsbesøk på politistasjonar og lensmannskontor igjen.

DEL

I Sogn og Fjordane gjeld dette: Sogndal lensmannskontor, Stad lensmannskontor, Florø politistasjon og Førde lensmannskontor.

Alle dei fire kontora opnar opp frå og med onsdag 22. april.

– Me treng tida fram til onsdag for å få gjennomført god risikovurdering i lag med verneomboda, og ikkje minst laga gode lokale rutiner som i praksis sikra alle smittevernomsyn i høve til eigne tilsette og publikum. Det vil blir hengt opp plakatar med info til publikum og eigne tilsette, seier Arne Johannesen, leiar for geografisk driftseining i Sogn og Fjordane.

Alle som møter hos politiet i denne perioden skal ha avtale, og alle fire stader vil vareta dei nasjonale krava til kva publikum minimum skal få gjennomført.

Det gjeld:

  • Levera politimeldingar
  • Pass etter timebestilling
  • Utlendingssaker der utsetting ville få negative konsekvensar

– Me ser fram til igjen å kunna ynskja publikum velkomen til oss, men vil presisera at alle ting som kan løysast via telefon eller digitale løysingar er bra når me alle framleis skal ha fokus på minst mogleg smittespreiing, seier Johannesen.

Artikkeltags