Denne gjengen skal spela kampar på måndagar og fredagar i årets sesong. Her er oppsettet

NYE DAGAR: Sogndal sine spelarar skal jakta poeng på måndagar og fredagar dei første månadene av årets sesong.

NYE DAGAR: Sogndal sine spelarar skal jakta poeng på måndagar og fredagar dei første månadene av årets sesong. Foto:

Det blir ein ganske annleis sesong for Sogndal i 1. divisjon – på fleire måtar.

DEL

Det er allereie bestemt at kampane i norsk fotball skal gå utan tilskodarar fram til 1. september. Kva som skjer etter dette er ikkje bestemt.

No er det også klart at laga på nest øvste nivå skal spela sine kampar på måndagar og fredagar, for å unngå krasj med eliteserien som spelar i helgane.

Dette gjeld for dei tolv første rundane, etter dette kan det koma endringar. Det kan óg bli endringar på kampdatoane i dei tolv første kampane, viss det blir opna for publikum i denne perioden.

Oppsettet på nest øvste nivå blei klart tysdag, der det går fram at Sogndal serieopnar på bortebane mot Åsane fredag 3. juli.

Tre dagar seinare kjem Ull/Kisa til Fosshaugane, og veka etter der går turen til Oslo for å spela mot nyopprykte Grorud.

Dei første tolv seriekampane til Sogndal ser slik ut:

3/7: Åsane (b)

6/7: Ull/Kisa (h)

13/7: Grorud (b)

20/7: Sandnes (h)

27/7: KFUM (b)

31/7: Raufoss (h)

4/8: Lillestrøm (b)

10/8: HamKam (h)

14/8: Stjørdals/Blink (b)

17/8: Ranheim (h)

24/8: Tromsø (b)

28/8: Øygarden (h)

Heile terminlista ligg her.

Artikkeltags