Denne gjengen ser på det som ein sjølvfølgje å vera bøsseberarar for kreftaksjonen: – Dette er noko me alle støttar opp om

ÅRDALSRUSSEN: Thomas Gjermo Teigen, Dorthe Midtun Haugen, Åsmund Nesse, Alexandra Natvik Sørli, Stian Hellebø, Frode Sanden og Tobias Røneid i årets russestyre seier det er ein sjølvfølgje at dei skal vera bøsseberar under årets innsamlingsaksjon til kreftforeininga.

ÅRDALSRUSSEN: Thomas Gjermo Teigen, Dorthe Midtun Haugen, Åsmund Nesse, Alexandra Natvik Sørli, Stian Hellebø, Frode Sanden og Tobias Røneid i årets russestyre seier det er ein sjølvfølgje at dei skal vera bøsseberar under årets innsamlingsaksjon til kreftforeininga. Foto:

Årets russekull i Årdal har eit mål om slå alle rekordar under årets innsamlingsaksjon til kreftforeininga.

DEL

– Me er stolte over å delta på noko så viktig. Så no minner me om at folk må opna dørene når russen ringjer på døra di 11. mars, seier Alexandra Natvik Sørli.

Årleg innsamlingsaksjon

Krafttak mot kreft er Kreftforeningens årlege innsamlingsaksjon, ein felles dugnad i kampen mot kreft og Norges nest største innsamlingsaksjon.

– Målet er å slå russen frå i fjor, i alle fall håpar me på å samla inn over 100.000 kroner, seier Åsmund Nesse, som er økonomiansvarleg i årets russestyre i Årdal.

God tradisjon

Kvart år besøkjer nærare 25.000 bøsseberarar norske husstandar, og samlar inn pengar til viktig kreftforsking og til tilbod til dei som er råka av kreft. Ein stor del av bøsseberarane er russ, i tillegg til bygdekvinnelag, frivilligsentralar, andre lag og foreiningar og bedrifter.

– Kvart år løftar kreftforeininga fram eit tema som dei ønskjer å setja meir fokus på, som dei ser det er eit behov for pengar til eller som det trengst å forskast meir på, seier Natvik Sørli, som har lese seg opp om det viktige temaet på kreftforeininga sine nettsider.

Store forskjellar

Tidlegare har kreftforeininga samla inn pengar til blant anna ulækjeleg kreft, forsking på personleg tilpassa kreftbehandling og seinskadar.

– I dag overlever tre av fire nordmenn kreft, men bak statistikken skjuler det seg store forskjellar. Det er framleis fleire kreftformer som svært få overlever. Lungekreft og bukspyttkjertelkreft er blant desse, seier Natvik Sørli, og legg til at berre ein av ti overlever bukspyttkjertelkreft og at berre to av ti overlever lunge-, galleblære-, lever- og matrøyrkreft.

Viktig tiltak

Sidan 2006 er det samla inn over 340 millionar kroner til kreftsaka gjennom aksjonen. Målet er 45 millionar under årets aksjon.

– Dei aller fleste kjenner nokon, anten i nær familie eller slekt som har hatt kreft. Ei pengestøtte til kreftforsking for at fleire skal overleva, og gode omsorgstilbod for pasientar og pårørande er noko me har lyst å støtta opp om, seier Natvik Sørli.

Lapp på døra og vipps

Onsdag 11. mars samlar heile årdalsrussen seg på skulen der dei får delt ut bøsser og ein plan for kvar dei skal gå.

– Til folk som ikkje er heime når me bankar på, vil me leggja att ein lapp på døra. Ein kan også betala med vipps om ein ønskjer det, seier Tobias Røneid, som er raudrussen sin russepresident.

Dorthe Midtun Haugen, visepresident, seier at årdølene er flinke til å støtta opp om gode føremål.

– Og me ser på det som ein sjølvfølgje å gjera dette for kreftforeininga. Alle er positive til å bidra, og så har me så klart eit mål om å slå russen frå i fjor, seier ho.

Artikkeltags