– Eg er stolt, takknemleg og audmjuk for tilbakemeldingane frå kundane våre, seier Linda Vøllestad Westbye, direktør for privatmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

For tredje året på rad er Sparebanken Sogn og Fjordane med i den årlege bransjeundersøkinga til EPSI, som måler kundetilfredsheita for privatkundar i bankbransjen.

Og for tredje året på rad plasserer Sparebanken Sogn og Fjordane seg heilt i toppen. Banken er også øvst på kunderelasjon, som mellom anna ser på kor godt kunden føler seg varetatt og om dei får hjelp når dei treng det.

Totalt sett kjem banken på andreplass i bransjen, som er den same posisjonen som i 2019 og 2020, og er den som kjem øvst av alle sparebankane i undersøkinga.

Heile undersøkinga kan du finna her