Even Hovland (32) kjem truleg til å signera for svenske Häcken innan kort tid, melder Eurosport.

Den tidlegare Sogndalsspelaren som har fire sesongar i Rosenborg bak seg vart forsøkt henta av den svenske klubben i januar i år, men då vart prisen på fem millionar kroner for mykje. No ligg det an til at ei signering vil gå i boks og i så fall går Hovland gratis ettersom kontrakten med RBK går ut ved nyttår, skriv sportskanalen vidare.

Per-Mathias Høgmo er trenar for Häcken og nytta Hovland på det norske landslaget i ei rekkje kampar.