Med gjenopning av samfunnet og sydlansk vér kunne ein kanskje tru at det ville bli litt action for politiet då laurdag blei til søndag.
Men den gong ei.
– Eg har ingenting til deg. Eg har sjekka loggen frå klokka 22 laurdag kveld, og fram til no har det ikkje vore noko spesielt i Sogn, seier operasjonsleiaren ved Vest Politidistrikt.
Musikk og hund
På spørsmål om korleis det var i Sunnfjord er svaret omtrent det same.
– Det var nokre meldingar om musikk frå private adresser, men ingenting ut over det. Det var ein sakna hund, er rapporten frå den stille natta.