Den sakna er funne omkomen

DEL

Den 43 år gamle Joakim Bang Larsen er funne omkomen. Det opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding. Dei pårørande er varsla, og politiet ynskjer ikkje å gje ytterlegare kommentarar i saka.

Det har vore leita sidan fredag etter mannen, som vart meldt sakna då familie ikkje hadde hatt kontakt med han på nokre dagar.

Mannskap frå politi, Røde Kors med hundeekvipasjar har leita natt og dag etter mannen. Eit redningshelikopter har også vore med i leitinga.

Artikkeltags