Den korona-smitta i Høyanger jobba i helsevesenet

No er 11 av kollegaane sett i karantene: – Vedkommande er veldig lei seg, seier ordføraren.

DEL

(Firda:) Måndag ettermiddag vart det kjend at ein person i Høyanger var blitt smitta av korona. Den tilsette hadde vore på jobb med symptom og kommunen jobba måndag med å kartleggja kor mange den smitta hadde vore i kontakt med.

Tysdag opplyste ordførar Petter Sortland at 11 av kollegaane er sett i karantene.

– Det er litt diffust korleis vedkommande er blitt smitta, men det har skjedd innanlands. Vedkommande har vore på jobb, men har nesten ikkje hatt symptom. Den smitta er veldig lei seg for situasjonen som har oppstått og hadde aldri gått på jobb om helsa hadde vore dårleg, fortel Sortland og legg til at den smitta har levd som normalt.

To har fått symptom

No viser det seg at to av kollegaane har fått symptom.

– To av dei har meldt ifrå til oss i dag at dei har milde symptom. Dei er difor sendt til testing. Me utførte fire testar måndag og skal totalt gjennomføra fire i dag, seier Sortland.

Han seier at kommunen no prøver å ta vare på alle involverte så godt som mogleg.

– Har den smitta vore i nærkontakt med pasientar?

– Ikkje som eg har fått beskjed om, nei.

Også i Sunnfjord kommune vart det påvist to nye smittetilfelle måndag. Ein av dei er overlege og politikar Marius Dahlin.

To nye smitta i Sunnfjord kommune. Ein med ukjent smittekjelde. – Dette endrar situasjonen

I Sogndal kommune er det per no to som er smitta. I Luster kommune er det påvist eitt tilfellet av korona-smitte.

Artikkeltags