Den alvorlege hundesjukdomen er meld inn i Sogn

Ein hund i Aurland skal ha døydd av den alvorlege hundesjukdomen.

Publisert 06.09.2019 kl. 11.44. Oppdatert kl. 13.08.

Det skriv Bergens Tidende.


Hundar over heile landet skal ha blitt sjuke av det som kan vera same sjukdom. Veterinærinstituttet har førebels ikkje slått fast kva sjukdom det er som smittar mellom hundane, men mattilsynet har registrert tilfeller over heile landet.


Mattilsynet ved avdeling Sogn og Sunnfjord skal ha fått inn melding om ein hund som har omkome av akutt blodig diaré. Hunden skal ha blitt sjuk i førre veke.


- Eg har hatt ein pasient som døydde av dette her for litt over ei veke sidan. Hunden hadde blodig diaré, og så døydde den, seier veterinær ved Veterinærvakta i Årdal, Aurland og Lærdal Ingrid Hval til BT.


Mattilsynet i Sunnfjord og Sogn jobbar no med å innhenta meir informasjon om tilfellet, og skal melda dette til Mattilsynet nasjonalt i løpet av dagen.


Mattilsynet oppmodar om å avgrensa nærkontakten mellom hundar og å halda hundane i band. Hundar bør heller ikkje helsa på kvarandre.


Les meir om: Nyhende Lærdal Dyr