Demonstrerte for flyktningane i Moria - krev at regjeringa tek ansvar

MARKERING: Demonstrantane samla seg på Vangen i Aurland med klar beskjed til regjeringa. I midten sit Cathrine Nystuen.

MARKERING: Demonstrantane samla seg på Vangen i Aurland med klar beskjed til regjeringa. I midten sit Cathrine Nystuen. Foto:

Fredag ettermiddag var det markering for å visa solidaritet med flyktningane i Moria.

DEL

– Regjeringa har fråskrive seg ansvaret lenge nok. Det er tid for handling.

Det skriv Marlin Nakken Kjelsvik i ei pressemelding frå markeringa i Aurland.

Kritisk

Natt til onsdag byrja det brenna i flyktningleiren Moria på Lesvos i Hellas. Regjeringa har sagt ja til å ta imot femti av fleire tusen flyktningar. Det reagerer fleire på.

– Mange kommunar har uttrykt at dei har vilje og kapasitet til å ta imot langt fleire.

Viste støtte

– Tilstanden er særs kritisk og forholda er umenneskelege. Flyktningane som frå før levde under inhumane forhold har no ingenting å hjelpa seg med, skriv Kjelsvik.

Fleire kom for å syna solidariet under markeringa. Tilbakemeldingane var i følje Kjelsvik utelukkande positive, og folk var glade for å sjå engasjementet i bygda.

– Demonstrantane oppmodar regjeringa til å lytte til kommunane, og ta inn fleire.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken