Delte ut 75 millionar midt i fellesferien – så mykje får kommunane i Sogn

75 millionar kroner vart delte ut på eit digitalt møte i hovudutvalet for næring midt i ferien.

DEL

– Det var viktig å få fordelt midlane raskt, seier Tor André Ljosland, leiar av hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune.

Midlane skal gå til kommunar som er eller står i fare å bli hardt råka av høg arbeidsløyse som følgje av covid-19, går det fram av fylkeskommunen sine heimesider.

Vel åtte millionar

Tildelinga spenner frå 345.000 kroner til vel 12 millionar. Bergen får mest med vel 12 millionar, medan kommunane i Sogn totalt får nær 8,5 millionar.

– Det er særleg to bransjar me er uroa for i fylket vårt. Den eine er reiseliv og sjølv om mange hotell melder om godt besøk no i ferien har dei store tap i samband med stenginga i vår. Den andre er leverandørindustrien, fortrinnsvis maritim og offshore leverandørindustri. For begge næringar vonar eg dagens tildeling vil hjelpa.

Departementet spanderer

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) som har gjeve tilskotsposten til vidare fordeling av fylkeskommunen. Prioriteringane skal byggja på fylkeskommunen sin kunnskap om kommunane og næringslivet sine utfordringar og behov.

Hardast råka

Hovudutvalet peikar på at Vestlandet er den landsdelen som truleg blir råka hardast også på lengre sikt. Bakgrunnen for det er at Vestland har ein stor del av næringslivet knytt til offshore og maritim. Som følgje av stor gjeld og låge inntekter i denne bransjen alt før krisa, er det etter kvart grunn til å venta fleire konkursar og bortfall av arbeidsplassar.

– For Vestland sin del merkast krisa dobbelt med både lågare etterspurnad av varer og tenester knytt til maritim- og offshore leverandørindustri, samstundes som prisen på Noregs viktigaste eksportvare olje og gass, framleis er låg.

Attraktive aktivitetar

I reiselivsbransjen er det turistverksemder som driv med aktivitetar som kajakkutleige, strikkhopp, historieforteljing, guida turar med overnatting i telt eller lavvo, via ferrata-guiding og gardsturisme som har sterkast vekst. Det er her det største marknadspotensialet ligg på verdsbasis, og det er slike tilbod som gjer at gjesten vel å reisa til reisemål på Vestlandet.

Sogndal mest

I Sogn er det Sogndal kommune som får den største biten av kaka, med totalt 2,4 millionar. Ein million av dette er skjønsmidlar. Aurland får knappe 1,2 millionar, der ein halv million er skjønsmidlar. Luster kommune får ein million, der ein halv million er skjønsmidlar.

Årdal er tildelt 1,3 millionar, Høyanger ein million, Vik 828.000 og Lærdal 753.000 kroner. Ingen av desse kommunane har fått skjønsmidlar.

Artikkeltags