– Det å kunne lese godt er avgjerande for å kunne delta i samfunnet. Difor er det viktig at me styrkjer skulebiblioteka, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).
Regjeringa opplyser at målet med tilskotet er at skulebiblioteket skal vera ein arena for leseglede for alle elevgrupper og i alle fag.
Midlane skal også bidra til å styrkja arbeidet med lesestimulering og skapa ein inkluderande arena som tek omsyn til dei ulike føresetnadene til barn og unge.
I tillegg skal tilskotet støtta arbeidet med at skulebiblioteka blir brukte i opplæringa og dermed bidreg til å nå måla i læreplanverket.
I alt gir regjeringa gir 17,1 millionar kroner til 26 kommunar som har søkt om tilskot for å styrkje skulebiblioteka.
Luster kommune har fått 190.750 kroner.