Deler ut 2 millionar kroner til kulturminne i indre Sogn - prosjekt i Luster får mest

FIKSAR PÅ MØLLA: Feigum mølle i Luster er i frå 1782. No får prosjektet over 600.000 kroner av kulturminnefondet til å fiksa tak, vindauger og golv.

FIKSAR PÅ MØLLA: Feigum mølle i Luster er i frå 1782. No får prosjektet over 600.000 kroner av kulturminnefondet til å fiksa tak, vindauger og golv. Foto:

Feigum mølle i Luster det prosjektet som har fått mest i støtte i regionen Sogn og Fjordane.

DEL

11 prosjekt har fått støtte i indre Sogn.

Kulturminnefondet har i alt delt ut 6.157.000 kroner til 29 prosjekt i Sogn og Fjordane.

Desse har fått støtte i indre Sogn:

Luster

Det gamle tunet på Høgi - stabburet, Merete Høgi, 280 000 kroner.

Feigum mølle, Kjell Feigum, 633 000 kroner.

Sel på Hillestadstølen, Jostein Sterri Valla, 65 000 kroner.

Sogndal

Brekkalåven-del 1, Brekka Bruk-Maria Knagenhjelm, 25 000 kroner.

Rigg, rå, mast, råseil, ror og årer til Storbåten, Indre Sogn kystlag, 75 000 kroner.

Løa på Dragsvik, Anne Randi Farnes, 120 000 kroner.

Vik

Naust, Alf Tore Hommedal, 300 000 kroner.

Lagerhus på Ålrek, Ragnar Alrek, 140 000 kroner.

Naust Finden, Svenn Egil Finden, 160 000 kroner.

Hanekamstølen 3, Harald Hanekam, 40 000 kroner.

Aurland

Sinjarheim med tilstøytande bruk, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Ressurssenteret SJH, 350 000 kroner.

Artikkeltags