Delar ut 60 millionar kroner til verdsarvstadane – litt av det hamnar i Undredal

FEM MILLIONAR: Vestnorsk fjordlandskap får fem millionar av dei 60. Undredal med stavkyrkja ligg i Nærøyfjorden som er ein del av verdsarvområdet.

FEM MILLIONAR: Vestnorsk fjordlandskap får fem millionar av dei 60. Undredal med stavkyrkja ligg i Nærøyfjorden som er ein del av verdsarvområdet. Foto:

Kvart år får norske verdsarvstader tilskot over statsbudsjettet. I denne runden delast det ut over 60 millionar kroner til arbeidet med den norske verdsarven.

DEL

Klima- og miljødepartementet er øvste ansvarlege myndigheit for oppfølging av verdsarven i Noreg. Fordelinga av tilskot skjer via Riksantikvaren.

Sjå lista over tildelingar her.

– I Noreg er vi stolte av den fantastiske verdsarven vår. Stadane er viktige for heile verda, men kanskje mest av alt for lokalsamfunna som tek vare på den. Dette er lokal innsats med global tyding, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Vestnorsk fjordlandskap

I verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, der mellom anna Nærøyfjorden er med, er det store behov for istandsettingsarbeid, skriv Riksantikvaren. I kulturmiljøa her er det spor etter liv og bruk i naturen, til dømes hyllegarder, løer og naust. Tildelinga på fem millionar skal nyttast til å styrkja innsatsen med istandsetting.

Industriarven i Rjukan og Notodden vart tildelt verdsarvstatus i 2015. Tildelinga på 17, 353 millionar vil i 2020 mellom anna bli brukt til arbeid med å sikra Tungtvannskjellaren.

På Vegaøyan er det også store behov for istandsetting, og det er ei auke i søknadar til istandsettingsprosjekt. Tilskota, som i 2020 samla utgjer fire millionar, vil også gå til andre spanande prosjekt, blant anna jordkjellarkurs, tranmåling og ærfuglarkitektur.

– Kultur- og naturarv som står på UNESCO si verdsarvliste har universell tyding. Noreg er medlem av verdsarvkomiteen i åra 2017-2021, og med dette følgjer eit ekstra ansvar for å forvalta vår eigen verdsarv på ein god måte, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Tunvert i stavkyrkja

I Bergstaden Røros og Circumferensen skal tilskota i 2020 blant anna brukast til langsiktige ordningar knytt til bygningsarv og arealskjøtsel.

Urnes stavkyrkje får tilskot til tilsetjing av unge, lokale tunvertar.

På Bryggen i Bergen skal ein blant anna vidareføre store, pågåande prosjekt i Bredsgården og Svendsgården.

Bergkunsten i Alta i Finnmark får 4 200 000. I Finnmark står også dei fire norske målepunkta på Struves meridianboge, som får 1 565 000 kroner til arbeid med skjøtsel og formidling.

Artikkeltags