Rett etter klokka 16 tysdag ettermiddag gjekk straumen i både delar av Luster, Sogndal og Kaupanger. Kommunikasjonsansvarleg i Sognekraft, Ola Skram seier dei ikkje veit heilt kva som har skjedd.

- Me jobbar med å finna årsaka. Straumen var ute ein kort periode i Sogndal sentrum og Kaupanger. Det meste er tilbake, men ein prøvar å finna årsaka bak.

To minutt seinare ringjer han opp att, og seier at det har vore eit utfall på eit overliggande nett. Truleg anlegget til Statnett i Leirdøla. Det er forsyning på 66 kV til bygdene i Luster frå Leirdøla. Der har det vore ein feil.

I Luster er dei framleis utan straum no 20 minutt seinare. Vakta hjå Luster energiverk seier dei arbeider med saka. Innbyggjararar på sørsida av Lustrafjorden har straum. Elles er det svart frå Luster og ut til og med Hafslo.

I arbeidet med å få på att straumen har fleire fått nokre lysglimt før det vart svart att.

Klokka 17 har dei fleste fått att straumen.