Del av Årdal - Tyin er opna

OPENT: Slik ser det ut i Smedalen på Filefjell klokka 05.59 fredag morgon.

OPENT: Slik ser det ut i Smedalen på Filefjell klokka 05.59 fredag morgon. Foto:

DEL

Årdal - Tyinkrysset var stengt på grunn av oppryddingsarbeid. Strekninga vart opna fredag klokka 10.10. Men vegen mellom Holsvatnet bru og Øvre Årdal er framleis stengt på grunn av vegarbeid.

Vikafjellet er stengt på grunn av uver. Det er planlagd at Vikafjellet skal opnast klokka 12.00 i dag, fredag.

Hol - Aurland er open. Her er det vekslande bart, snø- og isdekke og fare for glatte parti. Klokka 05.40 var det minus 3 grader, svak vind og klårt.

Filefjell er opent. Det er snø- og isdekke. Klokka 05.44 var det minus 8 grader, lett bris og opphaldsvêr.

Hemsedalsfjellet er opent. Det er stort sett bart og fare for glatte parti nokre stadar. Klokka 05.15 var det minus 7 grader, laber bris og klårt.

Haukelifjell er opent. Det er bart og vått, og fare for glatte parti. Klokka 5.30 var det minus 6 grader, lett bris og klårt.

Hardangervidda er open. Her er det vekslande bart, snø- og isdekke. Klokka 05.26 var det minus 8 grader, lett bris og opphaldsvêr.

Artikkeltags