NISSEGRAUT: Museet inviterer til å gå med graut til nissen, slik at han vil passa på gard og folk i året som kjem òg. (Pressefoto)

Dei populære førjulskveldane på museet held fram

Det stundar mot jul, og førjulskveldane på museet er for mange blitt ein fast tradisjon.

Publisert 03.12.2019 kl. 19.39.

Desse kveldane blir i år heldt onsdag 4. desember og måndag 9. desember.


Julegraut

Her kan ein koma rett etter skule og jobb og få julegraut eller noko anna godt frå museumskafeen, og deretter vera med og gå med graut til den gamle fjøsnissen.


- Museet set stor pris på at så mange er med og steller så godt med nissen, for då blir han glad og nøgd og vil nok passa på gard, folk og dyr neste år også, seier formidlingsleiar Mari Sofie Sandvik.


Aktivitetar

Det vil bli tradisjonell julemarknad, her vil ein finna eit breitt utval av lokale handverksprodukt og museumsbutikken vil òg vera open for dei som ynskjer det.


Gratis

I det heile er det duka for at små og store nok ein gong kan oppleva god, gamaldags julestemning på museet.


- Det er gratis inngang, og me på museet ynskjer alle hjarteleg velkomne, seier Sandvik.


Les meir om: Kultur Sogndal