Gå til sidens hovedinnhold

Dei kjempar om førsteplassen på nominasjonslista

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er lite som skil Erling Sande og Alexander Øren Heen i toppen etter andre runde i nominasjonen til stortingsvallista.

Erling Sande (Gloppen) har fått ni framlegg på 1.-plass og Aleksander Øren Heen (Årdal) har fått åtte framlegg på 1.-plass i andre runde av Sp-nominasjonen. Sigurd Reksnes (Stad) har to framlegg og Rune Hegrenes (Sunnfjord) har eitt framlegg.

– Nominasjonsnemnda har fått mange gode kandidatar å arbeide vidare med og eg er glad for at alle lokallaga våre i tillegg til Senterkvinnene og Senterungdomen har sendt inn sine framlegg i 2. runde, seier Per Kjøllesdal, leiar i Senterpartiets nominasjonsnemnd for Stortingsvalet 2021.

-Vi bad i andre runde om innspel på 10 namn i prioritert rekkefølgje og alle har sendt inn heilskaplege framlegg. I den vidare prosessen skal nemnda no kome med sitt endeleg framlegg og vi har sett opp ein plan der vi skal bli ferdige før utgangen av oktober. -Eg føler meg trygg på at vi skal kome fram til ei god stortingsvalliste for Senterpartiet 2021 avsluttar Per Kjøllesdal.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane skal ha sitt nominasjonsmøte fredag 27. november 2020.

Kommentarer til denne saken