Gå til sidens hovedinnhold

Dei kjempa om førsteplassen – no har ein av dei fått den

Artikkelen er over 1 år gammel

Erling Sande toppar Sp-lista.

Erling Sande frå Gloppen toppar nominasjonsnemnda sitt framlegg til stortingsvalliste for Senterpartiet i Sogn og Fjordane.

Aleksander Øren Heen (Årdal) og Emma Berge Ness (Sunnfjord/Senterungdomen) står på dei neste plassane.

– Nominasjonsnemnda legg fram eit heilskapleg og godt framlegg til valliste for Senterpartiet. Framlegget er samrøystes. Eg meiner me har fått til god fordeling både på geografi, kjønn og alder, og eg er særleg nøgd med at me har funne plass til tre senterungdomar på lista, seier Per Kjøllesdal, leiar i nominasjonsnemnda, i ei pressemelding.

Røynd politikar

– Erling Sande er ein røynd politikar som tidlegare har vore fast møtande vara på Stortinget. Sande var i tida på Stortinget mellom anna leiar av Energi- og Miljøkomiteen. Etter tida på Stortinget har han jobba i privat næringsliv og fått ein kompetanse som er viktig å ta med seg i vidare politisk arbeid. Han har også tidlegare politisk erfaring frå kommunestyret i Bremanger og han har vore medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane. Erling Sande er ein samlande og god kandidat som vil gjera ein god jobb for Sogn og Fjordane på Stortinget seier Kjøllesdal, og legg til:

– Nominasjonsmøtet skal vera siste helga i november og eg vonar møtet støttar opp om nominasjonsnemnda sitt framlegg.

Nominasjonsnemnda sitt framlegg:

1. Erling Sande – Gloppen

2. Aleksander Øren Heen – Årdal

3. Emma Berge Ness – Sunnfjord/Senterungdomen

4. Gunn Åmdal Mongstad – Solund

5. Sigurd Reksnes – Stad

6. Sander Solheim – Fjaler/Senterungdomen

7. Kristin Rundsveen Bøtun – Sogndal

8. Rune Hegrenes – Sunnfjord

9. Sidsel Kongsvik – Kinn

10. Hilde Horpen – Årdal/Senterungdomen

Kommentarer til denne saken