– Det å setja ein deadline på eit prosjekt er ein viktig milepæl. Når me no går ut og lovar ein opningsdato så gir det ei kjensle av skrekkblanda fryd, seier dagleg leiar Erlend Fardal Lunde.

Inspirert av Mesternes Mester

Innhaldet og utstillinga i vitensenteret som veks fram på Kaupanger har vore nøye planlagt gjennom mange år, men det er først no når det er tilpassa, justert og sett i bestilling at prosjekt ViteMeir byrjar å kjennest verkeleg for Lunde.

For opningsdato er sett til 11. november.

ViteMeir skal ta gjestene sine med på ei reise frå botn av Sognefjorden, 1.303 muh., til toppen av Noreg, 2.469 moh. Dei skal mellom anna få kjenna på fysisk aktiv læring i ballrommet, testa smakssansane i SmaksLaben, bli kjend med Sophus Lie, ta steget inn i den virtuelle verda og konkurrera i nattesten, fortel Lunde om innhaldet i senteret.

Inspirasjonen til sistnemnde aktivitet kjem frå NRK-serien Mesternes Mester.

– Eg trur på konkurranseelement på mange av installasjonane, her kan ein spela mot kameraten eller far sin, føreslår Lunde.

Rosar formidlingsleiaren

Arkitekten med hovudansvar for innhaldsutviklinga er formidlingsleiar Åse Neraas.

– Åse har imponert meg frå dag ein og har verkeleg gjort innhaldsutviklinga til sitt eige prestisjeprosjekt. Det er ei stor glede å sjå når ho presenterer tankar, idear og pedagogikk med eit eigarskap som ligg tjukt utanpå kroppen, fortel Lunde entusiastisk.

– Me skal vera eit besøks- og opplevingssenter der du kan utforska, læra og oppnå meistring gjennom oppdaging. Me sitrar etter begeistring av å ta i mot dei første gjestene i november, seier formidlingsleiar Åse Neraas.

Spennande svangerskap

Sjølv om det kan vera skummelt å setja ein deadline for opning, seier Lunde at prosjektet er i rute. Dei jobbar framleis med å få fleire midlar til senteret, men om ni månader opnar dørene. Senteret overtek bygget 1. september, det gir god moglegheit for å testa og bu seg inn før opningsdatoen.

– Svangerskap er ein flott metafor. 11. november blir det forløysing, då er eg jordmor- eller jordfar, som skal syta for at barnet kjem trygt i hamn, smiler han.