Vegtrafikksentralen Vest melder laurdag klokka 12.30 at dei fleste vegane no er opna att.

Fylkesveg 5600 i Arnafjorden er open for fri ferdsel frå klokka 11. Når det gjeld 5602 i Viki, er opprydningsarbeidet starta, og det vert gjort ny vurdering om opning klokka 14.. Begge desse er i Vik kommune.

Fylkesveg 5606 mot Menes er open etter å ha vore stengd på grunn av rasfare. Årdal - Tyin har også opna etter nattestenging.

Fylkesveg 50 Hol- Aurland har også opna for fri ferdsel. Det same gjeld riksveg 13 over Vikafjellet.

Framleis stengd

Fredag gjekk det først to ras mellom Skjolden og Sørheim. Det vart også observert eit tredje ras på strekninga fredag ettermiddag. Meldinga frå Vegtrafikksentralen gjekk på at vegen mellom Skjolden og Ornes var stengd.

Laurdag opplyser Vegtrafikksentralen at det tek tid å få opna vegen, meir veit dei ikkje. Det blir gjort ny vurdering klokka 18 laurdag kveld.