I undersøkinga kjem det fram av ein av fire innbyggjarar er fysisk aktive, og at ni av ti har god tilgang til natur- og friluftsområde. Det er likevel ikkje berre roseraudt. Ein av ti oppgir at dei er einsame, og den psykiske helsa er prega av koronapandemien, melder fylkeskommunen på nettsidene sine.

Vestland har som resten av landet også utfordringar med sosiale skilnader mellom ulike utdanningsnivå. Og ein innbyggjar på bygda har det litt annleis ein byborgar.

Folkehelseundersøkinga vart gjennomført våren 2022 av Vestland fylkeskommune i samarbeid med Folkehelseinstituttet. Over 53.000 innbyggjarar over 18 år har svart på spørsmål om blant anna tilgang til tenester og fasilitetar lokalt, fysisk og psykisk helse, helserelatert framferd, sosialt miljø og livskvalitet.

85 prosent av dei som deltok i undersøkinga seier dei er nøgde med livet. Det er i betring samanlikna med ei under søking i november/desember 2020, midt i pandemien. Då svarte berre 74 prosent at dei var nøgde med livet.

75 prosent i 2022-undersøkinga seier at dei trivst godt eller svært godt i nærmiljøet, medan 70 prosent svarar at helsa er god eller svært god. 10 prosent seier dei er einsame.

– Det er gledeleg å sjå at innbyggjarane i fylket vårt stort sett har det bra og er nøgde med liva sine. Men vi ser også utfordringar, særleg når det gjeld sosial ulikskap i helse mellom utdanningsnivå. Dess høgare utdanning, dess betre kosthald og meir fysisk aktive, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis frå Miljøpartiet dei grøne.

Det at fleire skal betre matvanane sine og bli meir fysisk aktive, er eit mål for fylkeskommunen. Golis gjer det klart at det skal vere lett og rimeleg for alle å ta gode val for helsa.

(©NPK)