Fylkesveg 50 Aurland-Hol og Fv 55 Sognefjellet er begge stengde på grunn av dårleg vêr søndag morgon. Ved 14.15-tida melder Vegtrafikksentralen at Aurland-Hol har kolonnekøyring. For Sognefjellet blir det ny vurdering måndag klokka 12.

Ein vurderer òg fortløpande kolonnekøyring på Rv 52 over Hemsedalsfjellet av same årsak. Det er meldt om glatte parti og tidvis dårleg sikt. Klokka 14.15 er det ope her.

På Fv 53 Årdal-Tyin er ein redd for snøskred og har stengt vegen fram til klokka 15 søndag.

Hald deg oppdatert på vegmeldingane på 175.no