Dårleg dømekraft gjorde at sjåfør blei meld til politiet

Førar vart pålagt døgnkvile på 24 timar, men stakk av etter berre 30 minutt.

DEL

Ein førar i eit norsk vogntog blei melde til politiet på grunn av brot på køyre- og kviletida. Føraren hadde køyrt utan bruk av sjåførkort.

I dei periodane han køyrde utan sjåførkort hadde han registrert at han hadde kvile. Ved å gå gjennom alt førar hadde gjort med og utan sjåførkort fekk han mange brot på døgnkvile og på vekeskvile.

Føraren hadde ikkje hatt vekeskvile på 10 arbeidsdagar og vart difor pålagt 24 timar døgnkvile under kontrollen på Håbakken onsdag kveld. Men etter å ha stått stille i 30 minutt valde førarr å halde fram køyringa likevel. Han vart då innhenta og tatt med tilbake til kontrollplass. Føraren vart melde til politiet for ikkje å følgje pålegga han hadde fått.

Også ein førar i eit tysk vogntog blei meld til politiet på grunn av brot på køyre- og kviletida. Føraren hadde køyrd utan bruk av sjåførkort i periodar der han registrerte at han hadde kvile og han hadde fleire brot på døgnkvilene sine.

Eit firma fekk overlastgebyr på 4.700 kroner på grunn av eit køyretøy som var lasta utover lovleg vekt. Køyretøyet måtte lasta av før vdare køyring. Eit anna vogntog fekk køyreforbod på grunn av mangelfull lastesikring på tilhengjar samt sikthindring i frontruta. Førar fekk også merknader på sin køyre- og kviletid.

Eit utanlandsk vogntog som dreiv godstransport fekk køyreforbod grunna at førar ikkje hadde bevis på at han var tilsett i firmaet han køyrde for. Førar var frå eit land utanfor EU. Når du køyrer for eit vogntog frå eit EU-land skal du ha ein førarattest for å iskra at du her tilsett på skikkelege vilkår. Vogntoget fekk også køyreforbod på grunn at det ikkje hadde med seg registreringsbevis på tilhengjar. Førar fekk trafikkgebyr for dette.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken