Gå til sidens hovedinnhold

Daniel Eid til Allsvenskan

Høgrebacken vil prøva lukka i den svenske eliteserien.

Sogndal Fotball og IFK Norrköping er samde om ein overgang for Daniel Fritz Eid, opplyser Sogndal Fotball på sine nettsider.

Daniel, som er frå Ulsteinvik, kom til Sogndal før 2020 sesongen. Han har spelt 63 kampar for Sogndal og skåra sju mål.

Håvard Flo seier dei gjerne ville hatt med Eid vidare, men etter ei totalvurdering aksepterte klubben hans ønskje om å reisa.

Fleire klubbar har vore interesserte i Eid, skriv Eurosport. Valet fall på IF Norrköping, der han vil bli trent av tidlegare Brann-sjef Rikard Norling.

– Det følest utruleg godt. Det å få sjansen utanfor Noreg er noko eg har jobba mot heile livet. Å få sjansen hos ein stor og fin klubb som Norrkøping. Det gjer meg overvelda, seier Daniel Eid til Discovery fredag ettermiddag.

Kommentarer til denne saken