«Då eg blei kreftsjuk oppsto det mange spørsmål. Det å kunne prate med andre som hadde vore i ein liknande situasjon, opplevde eg som heilt avgjerande»

KREFT: Glenn Fletcher vart råka av kreft som 17.åring.

KREFT: Glenn Fletcher vart råka av kreft som 17.åring. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev«Då eg blei kreftsjuk oppsto det mange spørsmål. Det å kunne prate med andre som hadde vore i ein liknande situasjon, opplevde eg som heilt avgjerande», fortel Glenn som blei ramma av hjernekreft som 17-åring.

Han levde bekymringsfrie dagar som utvekslingsstudent i Tyskland då han brått kollapsa på ein venefest. Glenn vakna opp på sjukehus med lammelsar og smerter. Taleevna var borte. Tilbake i Norge fekk han dommen: «Du har ein ondarta svulst i lillehjernen».

Glenn er langt fra åleine. Meir enn 34 000 personer vil få ein kreftdiagnose i år. Takka vere enorme framskritt skal heldigvis tre av fire leve videre. Men kreftsykdom og behandling kan vere ein stor påkjenning. Kropp og sinn må gjennom mykje, både for pasientar og pårørande. Då kan det vere avgjerande å finne støtte hos andre som har opplevd det same.

Behov for ein likeperson

Verdens kreftdag blir markert over heile verda 4. februar. Her i Norge ønskjer vi i Kreftforeningen og pasientforeningane på kreftfeltet å løfte fram verdien av å møte andre i ein liknande situasjon. Det kan bety mykje både for dei som er ramma av kreft og dei pårørende å ha nokon å prate med.

Kreftforeningen har prata med 1700 kreftpasientar og pårørande, som viser eit tydeleg behov. Over halvparten som svara oss kunne fortelje at dei har ønska å møte andre i ein liknande situasjon og snakke med eit medmenneske om det å mestre sin nye situasjon. Dette kallar vi ein likeperson. Det er ikkje ein fagperson, men ein som sjølv har vore pasient eller pårørande. Det er menneske som har bearbeida si eiga historie og som er rusta til å ta imot andre sine historiar og kjensler.

Unik støtte

Når alt ser mørkt ut, kan ein likeperson ved hjelp av sine erfaringar gi støtte, lytte og vise vei i ein vanskeleg situasjon. Ein kan lette på hjartet og bli beroliga. Ein likeperson er interessert, men ikke interessant – og dei sit heller ikke med svar, men med ein unik empati. Denne forståinga kan utgjere ein enorm forskjell.

Vi må være flinke til å fortelje om den fantastiske likepersontenesta slik at alle veit at det finns møteplassar der ein kan dele erfaringar. Likepersonane på Vardesentra på dei største sjukehusa kjem frå dei ulike pasientforeningane. Her vil det alltid vere menneske som har opplevd noko av det same som du står i akkurat no.

I dag er Glenn 25 år og kreftfri. Vegen dit har vore lang og utfordrande, men han har hatt gode støttespelarar på vegen. I pasientforeningen Ung Kreft fekk han møte mange med same historia, deltok på gruppesamtalar og diverse arrangement. Samhaldet med andre kreftsjuke betydde så mykje at Glenn har valgt å bli likeperson. Sjølv er han ikkje i tvil om kvifor.

«Dei beste svara får ein ofte av dei som har vore sjuke sjølv», forteller Glenn.







Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Me oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags