– Pandemien, covid-19, gjorde 2020 til eit spesielt år på mange måtar. Omsetning og resultat i Coop Nordvest vart ikkje noko unntak. Ei omsetning på 5,77 milliardar kroner (over 10 prosent auke frå 2019) er i seg sjølv imponerande. Eit resultat før skatt på 145,6 millionar kroner for samvirkelaget, og 185 millionar kroner for konsernet er historisk godt, seier administrerande direktør Arild Sørlien i ei pressemelding.
Rekordutbytte
Tidlegare i år vart det betalt ut rekordutbytte til alle Coop Nordvests nærare 165.000 medeigarar, totalt i overkant av 95 millionar kroner. Eit godt resultat gjev i tillegg ekstra musklar til bygging av nye butikkar og fornying av eksisterande, går det fram av pressemeldinga.
Coop Nordvest strekkjer seg frå Sognefjorden i sør til Trondheimsfjorden i nord. Laget driv 141 butikkar og er til stades i 3 fylke og i 48 kommunar.
Ny styreleiar
Under årsmøtet vart det også valt ny styreleiar for Coop Nordvest. Geir Årvik frå Stadlandet i Stad kommune vart valt til ny styreleiar etter Merete Alnes Mostue.
Geir Årvik (59) er næringslivsleiar og lokalpolitikar, og har site i styre i Coop Nordvest sidan starten i 2018, før det hadde han to periodar i styre for Coop Vest.
Styresamansetjing etter årsmøtet:
Leiar – Geir Årvik, Stadlandet.
Nestleiar – Elin Botnen Viken, Førde.
Styremedlem – Merete A. Mostue, Ålesund.
Styremedlem – Aage Schei, Orkanger.
Styremedlem – Ottar Ohren, Batnfjordsøra.
1. varamedlem – Olav Tenden, Stryn.
2. varamedlem – Jan-Inge Sætre, Ålesund.
3. varamedlem – Nina Skjærli, Førde.
For dei tilsette møter følgjande i styret:
Bjørg Aase
Marius Søvik
Ole Johan Stenseth