9. mai 2016 vart Christer Fretheim Flem borte.

Dagen han forsvann var han på tur i området rundt flyplassen på Haukåsen saman med nokre pleiarar frå det private omsorgsselskapet Melås Helse.

Politiet fekk melding om forsvinninga klokka 20.30. Store mannskap frå politiet, Røde Kors, Norske Redningshunder, Sivilforsvaret, brann- og redning og frivillige leita etter den sakna 37-åringen.

Dei fann ingen spor.

«Christer forsvann ikkje. Han var som eit barn på tre år og han vart forlaten i fjellheimen»

Publisert

Christer Fretheim Flem forsvann på tur ved Haukåsen i Sogndal 9. mai 2016.

Det siste pleiarane seier dei såg av 37-åringen, var at han stogga opp ved ein snøhaug.

– Ei lei sak, som har rørt ved alle i politiet

Det har vore gjort fleire søk i området, både med drone og helikopter med varmesøkjande kamera. Store styrkar har også søkt i terrenget.

Etter forsvinninga oppretta Fylkesmannen tilsynssak som konkluderte med at Melås Helse hadde ytt uforsvarleg teneste.

– Det er blitt framstilt som om at det var Christer som forsvann, og dermed som om noko av skulda var hans eiga. Christer forsvann ikkje. Han var som eit barn på tre år og han vart forlaten i fjellheimen, har mamma Ingeborg tidlegare sagt i eit intervju med Bergens Tidende.

Politiet avslutta etterforskinga i september i 2016, men tok ho opp att i oktober 2017.

I juli 2018 sikta politimeisteren i Vest politidistrikt Melås Helse for brot på Helsepersonellova, og gav selskapet ei føretaksbot på 600.000 kroner.

November 2018 blir Cold case-gruppa i Kripos kopla inn. Fem månadar seinare, i april 2019, la politiet vekk saka på nytt.

– Dette er ei lei sak, som har rørt ved alle i politiet som har vore borti henne. Me skulle gjerne hatt ei oppklaring, uttalte lensmann Inger Lill Lanes til BT.

– Me føler at me har gått igjennom saka så grundig at me ikkje kan arbeida meir aktivt med henne. Men dersom det kjem nye opplysingar, eller dersom Christer blir funnen, så vil me sjølvsagt ta opp att etterforskinga, sa Lanes.

Eit siste farvel

28. juni 2019 samla familie og vener seg for å minnast han som aldri kom heim.

9. mai 2016 var ein av dei vakraste sommardagane ein kan tenkja seg. Men det enda med å bli den verste dagen i mitt liv.

Slik skildra mamma Ingeborg det i minnetalen, som sokneprest Wenche Lie Lysne framførte på hennar vegner då familie, vener og kjende samla seg for å minnast Christer Fretheim Flem i Årdal kyrkje.

Christer vart berre 37 år gamal. Og sjølv om det vart reist ein minnestein på kyrkjegarden på Tangen, er det utan ei grav.

Stor skilnad

Ho minnast den lyse, vesle guten som kom til dei som fosterbarn i oktober 1978. Seinare vart han adoptert av familien.

Det gjekk ikkje lang tid før mamma Ingeborg såg at det var stor skilnad på Christer si utvikling samanlikna med storesyster Gro, fire år eldre. Han var passiv og lite nysgjerrig. Etter kvart fekk dei diagnosen psykisk utviklingshemjing med autistiske trekk.

– Men den rette diagnosen, Angelmanns syndrom, fekk han ikkje før etter at han var fylt 20.

Det var ein alvorleg diagnose som gjorde at Christer trong hjelp rundt seg 24 timar i døgnet. Han hadde ikkje språk, men kommuniserte med kroppsspråk og teikn

Det var ein alvorleg diagnose som gjorde at Christer trong hjelp rundt seg 24 timar i døgnet. Han hadde ikkje språk, men kommuniserte med kroppsspråk og teikn Foto:

Omsorgsfull ertekrok

Det var ein alvorleg diagnose som gjorde at Christer trong hjelp rundt seg 24 timar i døgnet. Han hadde ikkje språk, men kommuniserte med kroppsspråk og teikn. I nokre år budde Christer på institusjon i Bergen, før HVPU-reforma gjorde at han kom heim til Årdal.

I talen skildra mamma ein av dei vonde periodane i livet hans, då butilbodet i Årdal kommune kollapsa. Til sist overlèt kommunen ansvaret til Melås Helse as og Christer flytta til Leikanger.

Både mamma og storesyster Gro fortalde om ein omsorgsfull gut som gjerne kom med pledd viss nokon la seg på sofaen – og som hadde humoristisk sans. Han kunne le godt av ein morsomheit. Han likte godt å erta og leika gøymsel eller «kom og ta meg».

Han elska vatn og han kunne dansa i timevis, same kva slags musikk som vart sett på.

Christer var, i motsetnad til mange andre med Angelmans syndrom, i god fysisk form. Han likte å gå turar. Det vart også lagnadstungt for han og familien i siste ende.

– Eg håpar du har funne fred der du er, var mamma si siste helsing.

Fann leivningar på Haukåsen

Torsdag 4. juni 2020 kom meldinga frå politiet om at dei hadde funne leivningar på Haukåsen. Leivningar som dei meiner er den sakna Christer Fretheim Flem.

– Me kan ikkje seia 100 prosent at det er Christer, men ingen andre er sakna i området, så me kopla det med ein gong til han, seier regionlensmann Magne Straumstein.

Torsdag 4. juni 2020 kom meldinga frå politiet om at dei hadde funne leivningar på Haukåsen.

Leivningar som dei meiner er den sakna Christer Fretheim Flem.

– Me kan ikkje seia 100 prosent at det er Christer, men ingen andre er sakna i området, så me kopla det med ein gong til han.

Regionlensmann Magne Straumstein

Sogndal Røde Kors hjelpekorps var med på å finna leivningane av det dei trur er Christer Fretheim Flem.

- Me har vore med å leita ifrå dag éin. At me no truleg har funne han kan vera med å avslutta eit kapittel og gje familien fred.

Eivind Stevling Torstad, operativ leiar i hjelpekorpset

Sogndal Røde Kors hjelpekorps var med på å finna leivningane av det dei trur er Christer Fretheim Flem.

– Eg kan ikkje seia meir enn det politiet alt har gått ut med. Men det eg kan seia, er at me er glade for å me kunne vera med å hjelpa. Me har vore med å leita ifrå dag éin. At me no truleg har funne han kan vera med å avslutta eit kapittel og gje familien fred.

Leivningane er no sende til kriminaltekniske undersøking, og til identifisering. Regionlensmann Magne Straumstein vonar funnet av leivningane av det dei trur er Christer, kan gje familien ei avslutning.

Artikkeltags