Stemning: I helga går Aurlandsmarknaden av stabelen for 23. gong. (Foto: Privat)

Byr på alkoholfri fredagskveld med musikk og dans: - Ønskjer at dei fleste skal kunna vera med

- God musikk, god mat og herleg stemning vil gjera kvelden til eit av høgdepunkta i sommar.

Publisert 05.07.2019 kl. 10.00.

Dette står det på nettstaden til Aurlandsmarknaden. I helga blir marknadsfesten arrangert for 23. år på rad, og finn stad 5. og 6. juli med eit stort musikalsk program.

Musikk: Også i år freistar arrangørane med kjende namn og magisk stemning i bygda. (Foto: privat)

Familievenleg

- Me gjentek suksessen frå ifjor og arrangerer ein heilt alkoholfri fredagskveld med musikk og dans. Dette gjer me fordi me ønskjer at dei fleste skal kunna vera med. Difor har me så stort fokus på familien, seier komiteemedlem Stian Loven


På scena finn ein lokale, talentfulle ungdomar som skal syngja, dansa og spela musikk.


Og etter bygdas talent har vore på scena, kjem Sogndalsjenta Eva Weel Skram for å avslutta kvelden med song.


- Aurlandsmarknaden er einaste staden i Sogn Eva skal halda konsert i sommar, så det vert jo ein del folk, fortel Loven.


Store namn

På laurdag kjem dansebandet Ole Ivars og feirar 55- årsjubileum sitt med publikum på Aurlandsmarknaden. Saman med Lærdalsbandet Longhorn skal dei syta for god stemning og dansehøve under laurdagsfesten.


- Me gler oss til ein kveld fylt med god musikk ein kan svinga seg til, vert det skrive i ei pressemelding.


Tradisjonsmarknad

På laurdagen vert det buer og morosame aktivitetar for born. Marknaden kan freista med hoppeslott, bilbane, ansiktsmåling og andeslepp.


- Me er stolte over å kunna arrangere desse borneaktivitetane heilt gratis, seier Loven.


Det vert også høve for å køyra med Rallartoget når det køyrer rundt i bygda under marknaden. For dei meir eventyrlystne kan ein også sjå bygda frå helikopter om vêret tillèt det.


Les meir om: Nyhende Aurland

Siste saker Gå til framsida