Regjeringa har i Hurdalsplattforma slått fast at klima og natur skal danne ramma om all politikk – ikkje mindre. Kva bør dette bety for arealpolitikken i Norge, i Sogn, og for deg og meg? FNs klimapanel gav nyleg et klart svar på dette spørsmålet: effektiv og rettvis bevaring av 30–50 prosent av jordas landområde, ferskvatn og hav.

FNs klimapanel har to grunnar til å lansere eit slikt mål: Naturen kan bidra til å redusere klimagassutslepp. I tillegg kan den kan dempe problema klimaendringane fører med seg.

Bind karbon for oss

Naturen har ei utruleg evne til å ta opp og lagre karbon. Skal vi nå klimamåla, må vi auke denne kapasiteten ved å verne naturleg skog, fjellheier, myr og våtmarker mot hyttebygging, vasskraftutbygging, oppdyrking og nye vegar.

Kva betyr det for oss i Sogn? Skal vi ta FNs klimapanel på alvor, er det ikkje rom for å bygge på eller dyrke opp myr meir. Når det gjeld skog er det meir komplisert, ettersom styresmaktene har satsa på eit skifte av treslag, frå eldre blandingsskog til granskog i tillegg til granplanting i tidlegare beiteområde. Ideen er at industrielt driven, planta granskog gir betre karbonrekneskap enn naturleg lauvskog. Resultatet ser vi i bratte dalsider på Vestlandet.

Tanken er at treslagsskiftet berre skal halde fram, men det er grunn til å vere kritisk. For det første er det usikkert kva som gir mest karbonbinding. Korleis blir reknestykket viss vi tek omsyn til langsiktig karbonlagring i jord? Det betyr òg noko kva vi brukar treprodukta frå granskogen til. Få trur vel at dei erstattar fossil-intensive produkt som betong? Berre om vi igjen satsa på «stavkyrkjer», trebygg som står i 1000 år, vil klimabonusen vere reell, men det skjer neppe. Dagens nybygg skal stå i om lag 40 år.

Naturskog er ofte best

Vi bør vere kritiske til treslagsskiftet som klimatiltak av endå ein grunn, nemleg at det kan gjere oss meir utsette for skred og flaum. Skog som er sett saman og driven på rett måte, bidreg til å redusere faren for at hus og folk blir råka av flaum og skred. Men driv vi skogen på feil vis, aukar risikoen.

Naturskog gir generelt betre vern enn industriskog. På same vis er skånsam, selektiv hogst tryggare enn industriell flatehogst. Her på Vestlandet står ein tredel av den planta granskogen i område som er brattare enn faregrensa for jordskred (27 grader). Slik skog vil anten bli hoggen – truleg ved flatehogst – eller stå til han bles over ende. Begge delar aukar skredfaren i åra fram til ny skog har vakse fram. Difor bør ein kartleggje kva for skogområde som beskyttar oss mot klimaendringar og verne dei mot industrielt skogbruk. Kven som skal gjere dette, og kva konsekvensar det kan få for grunneigarane å verne dagens granskog på Vestlandet, har ikkje statlege myndigheiter noko godt svar på endå.

X-faktoren: Kva gjer klimaendringane med naturen vår?

Ingen veit akkurat korleis klimaendringar vil påverke økosystema. Vi har kunnskap om effekt på enkeltartar, som at frukttrea blømer tidlegare, at skoggrensa kryp høgare til fjells og at villrein og fjellrev mistar viktige leveområde. Men vi veit lite om korleis klimaendringane vil påverke økosystema samla sett og kva det vil få å seie for samfunnet. Dessverre kjem vi neppe til å finne svar før det er for seint. Kva gjer vi? Jo, vi må gje naturen ein sjanse til å tilpasse seg sjølv. Store, samanhengande område med nokolunde intakt natur må vernast mot oppstykking og nedbygging. Det kan sikre «rømmingsvegar» for artar som får livsvilkåra endra på grunn av klimaendringane. Gir vi dei rom, greier dei kanskje å justere seg.

Vatn på avvege og natur under asfalt

70 prosent av norske kommunar fryktar i stor eller veldig stor grad følgjene av meir vatn på avvege. I regionen vår har vi fleire gonger sett dei dramatiske konsekvensane av dette: Oktoberflaumen i 2014 som mellom anna råka Lærdal og Flåm og dei sjokkarta jordskreda rundt Jølstravatnet sommaren 2019. Asfaltering og nedbygging av grøne område i nedbørsfeltet til byar og tettstader er ein stor grunn til at dette problemet vil breie om seg. Det gjeld sjølvsagt mest dei større byane, men mindre tettstader som Sogndal må òg førebyggje flaumsituasjonar. Den pågåande utbygginga i Sogndal sentrum vil etter alt å døme gje oss endå meir av dei «harde» flatene. Tekniske tiltak, som flaumvollar og større røyr, vil ikkje kunne bøte på problema. Derimot vil naturbaserte løysingar ha mykje for seg. Vi snakkar då om å gjenskape naturområde, opne opp bekkar som ligg i røyr og verne våtmarksområde og myrer som fungerer som «svampar». Slike løysingar er både rimelegare og meir effektive enn tekniske tiltak – men dei krev politisk mot.

Global matsikkerheit er den største klimarisikoen

Matkrisa verda opplever no, skapar utfordringar som òg gjeld jordbruket i Sogn. Forbod mot å bygge ned dyrkbare areal er nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg, for å handtere dei parallelle krisene på områda klima, natur og mat. Vi må òg ta i bruk tidlegare beiteareal til matproduksjon. Fjellområda våre kan òg takast i bruk, men det krev at vi sluttar med hyttebygging og andre store arealinngrep i fjellområda. På liknande vis kunne bøndene ha nytta seg av den verdifulle «mellommarka» mellom fjellet og fjorden til beiting, hausting av fôr og annan matproduksjon, men her regjerer granplantasjane. Løysinga på sikt er å ta denne marka tilbake og gjenskape eit fleirfunksjonelt kulturlandskap med naturlege treslag som kan binde vatn og jord, men som samstundes har rom for beitedyr og andre typar matproduksjon. Då kan meir av innmarka brukast til å dyrke menneskemat utan at kjøtproduksjonen må reduserast tilsvarande. Skal dette fungere, kan vi ikkje samstundes bygge ned desse areala med hytter og vegar.

Naturvern som tiltak for klimatilpassing

På sikt er vern og restaurering av natur som kan stå imot klimaendringar det billigaste, enklaste og raskaste tiltaket både for å bremse klimaendringane og beskytte oss mot mange av utslaga. Men skal dette lukkast, må Stortinget kome med heilt nye og sterkare styringssignal. I mellomtida kan kommunane gå føre – i form av lokal arealplanlegging. For tida arbeider til dømes Sogndal kommune med ein ny arealstrategi for bustad, arbeid, klima og transport. Dei nemnde problemstillingane bør vere midt i blinken å ta opp i den prosessen.