Busselskap meld til politiet

Publisert 12.06.2019 kl. 15.54.

Statens vegvesen har hatt tungtransportkontroll på Håbakken onsdag. 


Eit utanlandsk busselskap vart meld til politiet for å ikkje legge til rette for føraren slik at han kunne overhalde køyre- og kviletidsreglane. Føraren hadde ikkje tilstrekkelege vekekviler i henhold til regelverket. 


Ein vogntogførar vart også meld for brot på køyre- og kviletidsreglane, samt at han vart pålagt å ta vekekvile før han kunne halda fram turen. Eit vogntog fekk køyreforbod fram til lasta var forskriftsmessig sikra.


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida